Gå til innhald

tapetlukka

29/01/2013

ImageImageEg trur ikkje eg har vist vårt fine soverom. Her er litt av det! Trur faktisk eg fann tapetlukka då eg kom over denne tapeten på flügger. Image

favorittar frå hviit

16/01/2013

Eg prøver å spare penger. Det er eg ikkje så flink til. Men det som hjelper, er litt motivasjon. I kveld fann eg motivasjon hjå hviit.no:hviit_favouritesFine, fine ting på ønskelista! Sjølvsagt den grå Spears-tapeten frå Ferm Living, Arne Jacobsen krus, By Nord juniorsengetøy, «Vintage»-bordlampa frå House Doctor, og kule trekasser (får aldri nok oppbevaringsplass!).

Med dette melder eg meg på «Vinn en interiørdag». Bli med du òg!

Labert med blogging her no. Det skal eg bli flinkare til, har mykje fint eg vil vise, og ting eg vil skrive om. Men det er ikkje labert i livet for det om – det skuldast at nemlig eg tar eit steg ut i verda med fotoapparatet rundt halsen – med siljeknips.no. Kikk innom der om du vil!

God onsdag!

jul i vårt hus

07/12/2012

Utfordringa på Norske interiørbloggar denne månaden er, treffande nok, «jul i vårt hus». Hos oss er det mest pynt i dei høge vinduskarmane, utanfor rekkevidda til ein glad gut eg kjenner… Han vil nemlig plukke på ALT, og kviiiiin av fryd når eg seier NEI! Uansett: her er jula i mitt hus i dag!Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

Image

God adventstid til deg!

ho sa ja

29/10/2012

ImageKurt og Gerd Elin skal gifte seg i mai. Fininger! Takk for ein koselig søndagstur i slottsparken!

ImageImage

tapet

24/10/2012

Vi har ein gang. Den er jo ganske fin, men kjedelig. Eg trur ein av veggane treng litt kjærleik. Først ville eg måle ein farge. Turkis, eller gul, eller grøn. Men så slo eg det frå meg når eg oppdaga kalkmåling, litt grått med ein røff finish hadde gjort seg. Men i dag vil eg ha tapet, og den skal vere frå Firm Living.

Her er nokre fine. Den nederste er så langt favoritten:

ImageImageImage

Så gjenstår det berre å sjå kva resten av husstanden seier til dette?

jul

17/10/2012

Det er inga tvil om kva Edin skal få til jul i år. Han skal få melamintallerkar frå Hapel.no:

ImageImageImage

Kva ønsker du deg til jul? Eg kan friste med ei TFK Joggster Twist-vogn eller ein brudekjole. Begge pent brukt, og lagt ut på finn med eit vonbrote hjarte.

ENSF

08/10/2012

Image

Sjekk ut Erik Nerhem Saxofonfestival. Eg har knipsa plakatbilete og syns jo det vart ein voldsom fin plakat!

velkommen ella ♥

07/10/2012

Image

noko av det finaste med å ha fine vener er at dei no for tida har ein tendens til å lage små kopiar av seg sjølv. her fekk eg lov til å komme heim til ella og hennar fine foreldre, ho var berre ni dagar gammal, men allereie søtare enn dei fleste. eg gler meg til å sjå deg igjen snart, ella!

Image

Miami next

22/09/2012

Image

Takk for oss, Daytona Beach! Her har vi kost oss med bassengtid og ekstra fin badeutflukt til Ponce Inlet, outletshopping i Orlando og longboarding og trilleturar blant dei fine småhusa her i La Costa Village (som det på bildet over, då). Vi avslutta oppholdet med ein guided tour på Daytona International Speedway i dag – ein svæææær bilbane (heiter det det?) med plass til 500 000 publikummarar.

I morgon kjører vi sørover til Miami i Jeepen vår (hehe, det høres jo litt kult ut). Det skal etter planen ta ca 4 timar og 20 minutt. Vi får sjå på det. Der skal vi flotte oss på hotell, på sjølvaste South Beach! Kanskje tar vi turen til Key West og, vi får sjå kor godt Edin likar kjøreturen til Miami.

Elles kan eg sei at Amerika er flott. Vêret har vore litt ubestemmeleg, mykje skyer og litt regn og torden, men masse sol og. Det har vore varmt nok til å gå utan sokkar (eigentleg varmt nok til å gå utan noko!). Amerika er verkeleg eit kjekt land, hit vil eg gjerne tilbake! Men eg kunne vore foruten kakerlakkane. «They do fly,» sa dama eg snakka med ved bassenget i dag, «the big ones.» Blir litt godt å komme heim att og. Men det er ikkje før torsdag.

when in america

17/09/2012

Image

Du kan tru vi kosar oss i Amerika. Trekløveret på tur, i deilige varmegrader! Først litt for få dagar i fantastiske New York (planlegger du tur dit? Sjekk ut manhattanutleie.com! Norske utleigarar, safe og hyggelig og god beliggenhet), no er vi i Florida, Daytona Beach. Vi bur i ein pensjonistvillage, og alle er superhyggelige og «AAW THE PWETTY LITTLE BABY LOOK HE’S CLAPPING NAAAAW I LOOOVE THEM BABIES COME TO GRAMMA YOU LITTLE SWEETIE OH LOOK AT THEM EYES» – og mammaen blir stoltare og stoltare for kvart klapp. Her har vi late dagar ved bassenget eller på stranda. Også les vi. Eg har ikkje fått lese så mykje sidan Edin vart fødd (eigentleg dabba det vel av lenge før det), så det er veldig kjekt å få gjenopplive leselysta! Og i går var vi på Orlando Premium Outlet, og det var jammen meg paradis for Nike-entusiasten (og for andre entusiastar, då)! Måtte til og med ha meg ein løpetur (på 6,5 minutt) i ettermiddag, for å teste dei nye skoa mine. Dei var supergode. Watch out Elixia, snart er eg tilbake!

Her, i La Costa Village blir vi ei veke til. Har vore ei veke allereie, og laurdag set vi kursen mot Miami. Etter nokre dagar der køyrer vi til Orlando, og vender snuten heimover. Det har vore to deilige veker – og eg gler meg til dei neste to! Pappaperm er flotte greier. Det er digg å berre vere oss, den lille familien, på tur. Hjerte, hjerte, hjerte. 

Kanskje kjem det meir bloggings frå Florida. Du får følge med!

Bileta er frå New York. Og frå flyturen til Orlando. Følg meg gjerne på instagram: siljemas.