Gå til innhald

Barnerom: Her bur Edin

19/06/2012

Velkomen inn til Edin! Han søv ikkje her inne enno, men har fått det ganske så fint syns han. ImageDåpsgåvene står sjølvsagt framme, barnebiblar i hylla og Blafreservise på kommoden. ❤

Image

ImageOps, ein rosa kanin i skapet!

ImageFjellräven-faddargåva, solhatt, caps og solbriller. Klar for sommar og sol!

ImageLoppislampe på ISAK-tapetet.

ImageEin liten lysbrytarven seier hello!

ImageEdin fekk så mykje finfint til dåpen! Gitaren over, og serviset under – heldig liten gut!

ImageImageImageImage  ImageDonaldkommoden kom til sin rett på guterommet.

ImageOver senga heng ein uro frå Sprell, Noahs ark! Den blir gøy å kikke på.

å pynte til dåp

18/05/2012

ImageDet går litt tid mellom kvart innlegg her. Men no har eg gjort noko bloggverdig, nemlig laga litt dåpspynt. Vi satsar på casual og frilynt(?) dåpsfest utandørs (faktisk på den finaste plassen Oslo har å by på!) – og då er det greitt med «vasar» som ikkje kan knusast og som, endå betre, berre kan kastast i bosset etter bruk. Nok ein gong blei eg inspirert av FruFly, denne gongen var det boksvasane hennar. Eg hadde tilfeldigvis nokre malingsprøver frå Flügger liggande (kan bestillast i posten og er ikkje dyre), og vips tjohei! Synes spesielt Isklar-flaska blei fin. Og med friske markblomar, doilies frå Tiger og vimplar frå Søstrene Grene – då blir det fest for alle! Eg gler meg.

ImageImage

swim, baby

01/05/2012

ImageVi går på babysvømming, og det er både utrulig slitsomt og veldig gøy samstundes. Første gong var eg sjølvsagt alt for seint ute (som alltid), og når både eg og Edin skulle ha på oss badetøy, og eg skulle helst dusjast og vaskast før vi steig uti klorvatnet, så steig stressnivået betraktelig før vi kunne senke oss ned i det barnevenleg oppvarma vatnet. Men vi klarte det, og der, ute i vatnet, var det ikkje noko problem.

Guten naut å flyte rundt som han gjorde inni mors mage, trur eg. Han som til daglig driv med masserørsler (klarer ikkje å kontrollere ein og ein ting om gangen enno) og ligg akkurat der du la han for ti minutt sidan vart plutseleg grasiøs som ein ballerina. Kvilepuls. Men så kom tida då vi skulle opp av vatnet.

Guten på armen i handkle nr 1, inn i dusjen. ISKALDT! Guten byrja hakke tenner (som han ikkje har – hakke gommer?), og mor vart redd for lungebetennelse, krupp, kols og koldbrann. Edin, no voldsomt klorbefengt, måtte sjølvsagt då tullast inn i handkle nummer 2 og 3, og leggast trygt på ein lun stad. Men den lune staden var ikkje akkurat i dusjen (då hadde han sikkert fått fotsopp over heile seg). Eg kunne ikkje ta Edin med inn i dusjen uten å leggje han på golvet, og der var det trekkfullt og iskaldt framleis, og sjølvsagt veldig veldig vått, ein finn ikkje tørre plassar i ein dusj liksom, og kva er greia med berre kaldt vatn i dusjen? For å toppe skrekkscenariet låg det babyar over alt. Mange fleire enn det hadde vore i bassenget, virka det som. Og mødrene deira (endå fleire! kor kom dei frå?) var litt som meg, småstressa og redd for at dei små skulle få øyrebetennelse. Nokre (av borna altså) sat i bøttene (tummy tub®) sine (ein gut hadde på seg ullhue medan han sat der! øyrebetennelse nei takk!), andre låg på gymmatter,  og nokre vrælte i kor. Det endte med at eg lot være å dusje, pakka saman både gut og handkle, og lot kloren virkelig trekke inn i porene til eg kom heim og fekk dusja der. Fresht!

Andre gongen på babysvømminga var eg hakket meir rutinert. Klarte til og med å dusje, og å setje guten i ei badebøtte (tummy tub® – genialt!) (med ganske kaldt og litt for lite vatn, stakkar – bøttene måtte fyllast frå dusjen, og å stå med ein våt og sleip baby på eine hofta og samstundes løfte bøtta på strak arm opp mot dusjen for å få fylt den er TUNGT.) medan eg gjorde det. Då unngjekk vi fotsopp over heile babyen. Klapp på skuldra. Målet til neste babysvømming er å hugse såpe og sjampo når eg skal dusje.

Babysvømming var skikkelig gøy. Om enn litt stressande. Blir nok berre betre og betre når ein får litt rutiner på det heile.

I dag har eg ete eitt jordbær. Vi lever farlig. (Ikkje var det eit spesielt godt jordbær heller, så dersom magen til Edin protesterar i kveld så veit eg ikkje om det var verdt det.)

ImageGod natt då!

danske freistingar

06/04/2012

Når eg fekk vite at vi skulle ha ein gut, sa eg farvel til søte kjoledraumar og blondesløyfer. Eg tenkte at det nok var økonomisk like greitt, men sannelig om eg tok feil. Det er nok like lett å bruke pengar på tøffe (og litt søte då) guteklede som på søte jenteklede! Men, eg kan ikkje kjøpe alt. Dessverre. Men kanskje er det ein eller to der ute som vil ha eit tips? Her kjem to varme og gode draktar til hausten, to deilige danske freistingar:

Poppy Rose stripete babydrakt i deilig merinoull frå Ansos.dk (På tilbod til 329 danskar, ikkje verst for 100% merinoull)

Esencia grå heldrakt i bløt lamaull – også frå Ansos.dk, og på tilbod den og! 419 danskar.

Elles har vi meldt oss på babysvømming, og begynner allereie tysdag om ei og ei halv veke. Då er Edin to dagar unna aldersgrensa på kurset (2 mnd), men vi håpar det går greitt. Kan alltids skaffe han falsk leg, berre i tilfelle.

Og du? God påske.

det kunne ikkje vore annleis heller

13/03/2012

vår lille sjef har blitt 19 dagar gammal. han gler oss med små smil (tenk, dei første smila kom allereie når han var 13 dagar! nei – de treng ikkje tru meg, men eg har filmbevis av 14dagarsbabyen som gliser fleire gonger til mor i tell you!), og er glad i å sove i trillande vogn, og i å ta trikken (samme kva trikk det er. det kan gjerne vere Holtet-trikken sjølv om vi skulle til Sinsen).

det er jammen stort at ein liten gut kan ta så mykje plass. dei første vekene har vore ganske utfordrande (les: barseltårer opp og i mente! eg trudde aldri eg skulle bli så sippete, men den gong ei), men no er våren komen, og både kropp og sinn er lysare stemt. guten søv (meir enn før) og et (og gulpar og bæsjer – gjerne medan ein skiftar bleie på han), og eg trillar og bekymrer meg for alt (er han tett i nasa? får han nok mat? får han for mykje mat? kvifor gret han? kvifor gret han ikkje? kvifor søv han så lenge? kvifor søv han aldri?), drikk kaffi (som smakar betre enn nokon gong faktisk!), og prøver å hugse å ete ordentleg mat også (det kan forøvrig bli dyrt, hallo waynes coffee), også prøver eg å lære veslegut at det ikkje er lurt å klore seg på augene (vi gler oss til litt meir motorisk kontroll over hendene melder sin ankomst) – det er jammen litt av eit liv, men det kunne ikkje vore annleis heller.

god tirsdagskveld!

tid

05/03/2012

ei uke

No har Edin rukke å bli 11 dagar gammal – snart er han konfirmant med mopedlappen. Tida flyg. I mellomtida trivs han godt i Leandervogga som heng i taket.

Edin*

28/02/2012

23.02.2012 (eller, som det stod på namnebandet: 23.42.2012!) klokka 18.54 kom han. Hei Edin! Alle klisjears mor, ammetåka, har herved tatt meg. Og lille Edin er den finaste, kulaste og deiligaste babyen eg veit.

helgestart

10/02/2012

Det er berre å holde seg fast. No er det helg!
PS: følg meg på instagram då vel. Der heiter eg siljemas.

PS2: Nytesta bolleoppskrift med deig som sprakk plastfolien og kom veltande ut på kjøkkenbenken av seg sjølv, og melis i staden for sukker. Ville kanskje ha tilsett ei lita klype salt? Her er i alle fall oppskrifta.

drømmestolen

06/02/2012

Dagens craving er Cosmopolitan arm chair frå Designers Guild. Dessverre er den alt for dyr, men du og du. så fin. sååå fin.

fredagsfargar og pusekattar

03/02/2012

Det blei liksom litt vår i stova med pusekattar/gåsungar i kvar ein krok. Og med fargerike tulipanar og påskesol som varmar og stikk i augene – fint! God fredag då!