Skip to content

Miami next

22/09/2012

Image

Takk for oss, Daytona Beach! Her har vi kost oss med bassengtid og ekstra fin badeutflukt til Ponce Inlet, outletshopping i Orlando og longboarding og trilleturar blant dei fine småhusa her i La Costa Village (som det på bildet over, då). Vi avslutta oppholdet med ein guided tour på Daytona International Speedway i dag – ein svæææær bilbane (heiter det det?) med plass til 500 000 publikummarar.

I morgon kjører vi sørover til Miami i Jeepen vår (hehe, det høres jo litt kult ut). Det skal etter planen ta ca 4 timar og 20 minutt. Vi får sjå på det. Der skal vi flotte oss på hotell, på sjølvaste South Beach! Kanskje tar vi turen til Key West og, vi får sjå kor godt Edin likar kjøreturen til Miami.

Elles kan eg sei at Amerika er flott. Vêret har vore litt ubestemmeleg, mykje skyer og litt regn og torden, men masse sol og. Det har vore varmt nok til å gå utan sokkar (eigentleg varmt nok til å gå utan noko!). Amerika er verkeleg eit kjekt land, hit vil eg gjerne tilbake! Men eg kunne vore foruten kakerlakkane. «They do fly,» sa dama eg snakka med ved bassenget i dag, «the big ones.» Blir litt godt å komme heim att og. Men det er ikkje før torsdag.

Advertisements
One Comment leave one →
  1. 22/09/2012 15:53

    .. og det verste er at de ikke kan styre – de flyr bare rett frem.. ææ.. (jamfør kakkerlakkprat.).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: