Skip to content

om einfindag.no

foto: Håvard Fossli

For det første så er eg glad i å skrive. For det andre så er eg glad i å ta bilete, det er kanskje det eg er mest glad i av dei to. Men mest av alt er eg glad i ein fin dag, og fine dagar har eg ofte. Eg vil gjerne dele dagane, det som er fint og kanskje og det som ikkje er så fint. Nokre gongar treng ein å sjå kor godt ein har det, veit du.

Eg heiter Silje. Eg er kone, venninne, liksomjournalist, lidenskapelig hobbyfotograf, entusiast, latsabb, fjellklatrar (1 gong), tredemølleløpar (i periodar, men ikkje så mykje at det vert for mykje), glad i tv-seriar om det meste, kaffiglad (men det må vere melk i den), gjærbakstforkjempar som er glad i blonder, musikk, musikk, musikk, å synge, pynt, porselen, gamle ting, nye ting, nye gamle ting, å sy, strikke, hekle, skape (i den grad eg klarer det då), og no vart eg litt bekymra, for eg har gløymd å nemne at eg trur på Jesus. Det er det viktigaste.

Denne bloggen er eit resultat av meg. Eg tek ikkje ansvar for eksterne koplingar, og tenkjer som så at dersom du ikkje likar eller vert støytt av noko eg har skrive så kan du jo halde det for deg sjølv, eller aller helst seie i frå. Eg har teke alle bileta sjølv, ver snill å ikkje nytte dei utan å spørre. Spør du, så får du nok lov. Andre foto eg nyttar er kreditert opphavsmann/kjelder.

%d bloggarar likar dette: