medan vi ventar/strikkar
Eit skryteinnlegg no: Litt strikking har det blitt, til lille i magen. Som denne Mariusen med rund hals.
Melkers hentesett frå Pickles.
Mariusbody, stripevottar og stripehue (den synast ikkje her då).
Frå Pickles denne også, Petrajakke, men utan knappar enno, dei har eg visst gløymd ser eg.
Og så har mamma strikka hentesett, då. Fryktelig fint – med både baggypants og snasne accessories.
No er det vott 2 av 2 til mannen som skal gjerast ferdig. God strikkehelg!
måndag på kjøkkenet
Ja, eg veit at det er tirsdag i dag. Men dette var eigentleg eit måndagsinnlegg, for måndag var nemlig den første ordentlige permisjonsdagen min!
Første dag i permisjon brukte eg på kjøkkenet. Lille i magen tek både min og sin eigen energi ut i å sparke som ein galning, og ting tek litt lenger tid enn vanlig. Og eg trives eeeeigentleg best med å ikkje gjere så frykteleg masse. Klarar meg lenge med strikketøyet! Men så lenge eg har god tid, så får eg jo gjort litt. I går vart det skillingsbollar til fryseboksen. Og kaffi i finkoppen, nellikar i friske fargar og interiørblad. So far so good! 




2011/2012
Langbordet (på 240 cm – er du klar over kor vanskelig det er å finne ein fin duk som passar og som ikkje kostar skjorta?) er dekka, med stjerneinspirasjon frå FruFly. I kveld er det nyttårsfest! For høvet har eg lånt det finaste juletreet i verda, og pynta det med julekuler på halv pris frå Åhlens:


Oslo og eg er klar for 2012. Bring it on. God feiring til deg der du er!
fjerdesøndag
tirsdagskikk på ny tapet
No begynner det å sjå bra ut i heimen! Nokre smakebitar får du her; over frå soverommet vårt, med heimelakka lamper som har fått ny skjerm, teaknattbord som har fått eit par strøk med måling – og under frå soverommet til veslegut (som no kan briljere med sine 37 cm frå topp til tå, i følgje babyverden.no). Pingvintapet (eg tykkjer det ser ut som ganske ordinære fuglar, eg) frå Isak, og Kili-seng frå Sprell.
Deretter følgjer det obligatoriske “eg tek bilete av stearinlys for å vise kor koselig vi har det no i adventstida”:
Og til slutt – ein parantes: (I dag var det tid for lussekattar, og eg trur faktisk at dette var første gong eg nokon gong har baka lussekattar i heile mitt liv. Dei vart gode.)
God tirsdag!
flyttelivet
julelivet
I dag gjorde eg dei siste julegåvekjøpa på Storosenteret. Minn meg på å aldri gå dit på ein laurdag i førjulstida igjen. I kassekøen på bokhandelen havna eg bak ei dame som spurte: “Unnskyld, har dere sånn gammeldags blokk man kan skrive på? Og rive av ett og ett ark? Med sånn papp-plate bakerst?”
…
Uansett. Dersom du er i Oslo-området fredag om ei veke, den 2.desember, då anbefaler eg at du tek turen på gratis konsert med jentegruppa Audio. Markus kyrkje, 20.00.
*fine senger
dagens tapet
Og jammen trur du ikkje at den perfekte tapeten til soverommet kom i posten i dag. Eg hadde nemlig bestilt nokre tapetprøver frå Flügger, til den nette pris av 4 kr per A4-ark. Det var ok. *(Ikkje så ok at den MÅTTE leverast på døra akkurat når eg var på jobb, og dei kunne IKKJE leggje den på postkontoret, og dama sa dei skulle ringe ein time før dei kom, men mannen som leverte pakken kunne IKKJE ringje ein time før, ikkje for den lille pakken! …Ja.)
Den heldige utvalde tapeten kjem fra Nordic Blossom – og den fann eg altså på Flügger sine nettsider. Dersom mannen er enig, så er dette rett tapet for veggen bak senga, og eg trur vel strengt tatt at han kjem til å like denne. Kryss fingrane!
//Bileta kjem frå leverandøren













