Gå til innhald

Afrika og valentinarane

10/02/2005

I dag har eg hatt blokkdag i valgfag – det vil sei fri… Utrolig deilig å ha kongshaugblad til valgfag! Får nok tatt igjen jobbingen seinare, då.



I natt sto eg, Inger og Ingrid opp klokken 4, for å vekke Erik som skulle reise til Afrika. Det var kjekt. Vi våkna han med sang, og han sa at han aldri har våkna så bra før. 🙂 Så, der høre dåkke kongshaugmennesker – benytt dåkke av Comitée Creativé sine tjenester!



Vi var våken heilt til afrikagjengen reiste. Det var rart. Eg vil og til Afrika, når eg tenker meg om. Det var trist å se minibussen kjøre vekk, og stå igjen på plassen klokken 5 om morgenen; Eg, Inger Elisabeth, Ingrid og rektor.

«Har dåkk sett dei fine lysan?» sa rektor då, når minibussen var kjørt. «Ja,» sa vi. «Det er mange av dei,» sa Inger Elisabeth, «oppfordra du til natteliv?» «Nehei» sa rektor. «Det likna på eit drivhus», sa Ingrid. «No må dåkker gå og legge dåkker,» sa Rektor.



Vi la oss. Eg sov til 11. Det var deilig. Eg har lyst på ein Mac.



På lørdag er det vælentainspartei. Eg har laga plakat. På mandag er det vælentainsdei. Uansett kor mye eg sier at eg misliker konseptet, så kommer eg aldri til å meine det heilt. Eller, jo, det vil sei, eg liker jo ikkje konseptet. Det er jo bare markedsskapt for at svake mennesker skal kjøpe masse stæsj. Eg vil ha stæsj, eg. Gje meg kjærleik! 🙂



sukk, eg

No comments yet

Kommenter innlegget