Skip to content

swim, baby

01/05/2012

ImageVi går på babysvømming, og det er både utrulig slitsomt og veldig gøy samstundes. Første gong var eg sjølvsagt alt for seint ute (som alltid), og når både eg og Edin skulle ha på oss badetøy, og eg skulle helst dusjast og vaskast før vi steig uti klorvatnet, så steig stressnivået betraktelig før vi kunne senke oss ned i det barnevenleg oppvarma vatnet. Men vi klarte det, og der, ute i vatnet, var det ikkje noko problem.

Guten naut å flyte rundt som han gjorde inni mors mage, trur eg. Han som til daglig driv med masserørsler (klarer ikkje å kontrollere ein og ein ting om gangen enno) og ligg akkurat der du la han for ti minutt sidan vart plutseleg grasiøs som ein ballerina. Kvilepuls. Men så kom tida då vi skulle opp av vatnet.

Guten på armen i handkle nr 1, inn i dusjen. ISKALDT! Guten byrja hakke tenner (som han ikkje har – hakke gommer?), og mor vart redd for lungebetennelse, krupp, kols og koldbrann. Edin, no voldsomt klorbefengt, måtte sjølvsagt då tullast inn i handkle nummer 2 og 3, og leggast trygt på ein lun stad. Men den lune staden var ikkje akkurat i dusjen (då hadde han sikkert fått fotsopp over heile seg). Eg kunne ikkje ta Edin med inn i dusjen uten å leggje han på golvet, og der var det trekkfullt og iskaldt framleis, og sjølvsagt veldig veldig vått, ein finn ikkje tørre plassar i ein dusj liksom, og kva er greia med berre kaldt vatn i dusjen? For å toppe skrekkscenariet låg det babyar over alt. Mange fleire enn det hadde vore i bassenget, virka det som. Og mødrene deira (endå fleire! kor kom dei frå?) var litt som meg, småstressa og redd for at dei små skulle få øyrebetennelse. Nokre (av borna altså) sat i bøttene (tummy tub®) sine (ein gut hadde på seg ullhue medan han sat der! øyrebetennelse nei takk!), andre låg på gymmatter,  og nokre vrælte i kor. Det endte med at eg lot være å dusje, pakka saman både gut og handkle, og lot kloren virkelig trekke inn i porene til eg kom heim og fekk dusja der. Fresht!

Andre gongen på babysvømminga var eg hakket meir rutinert. Klarte til og med å dusje, og å setje guten i ei badebøtte (tummy tub® – genialt!) (med ganske kaldt og litt for lite vatn, stakkar – bøttene måtte fyllast frå dusjen, og å stå med ein våt og sleip baby på eine hofta og samstundes løfte bøtta på strak arm opp mot dusjen for å få fylt den er TUNGT.) medan eg gjorde det. Då unngjekk vi fotsopp over heile babyen. Klapp på skuldra. Målet til neste babysvømming er å hugse såpe og sjampo når eg skal dusje.

Babysvømming var skikkelig gøy. Om enn litt stressande. Blir nok berre betre og betre når ein får litt rutiner på det heile.

I dag har eg ete eitt jordbær. Vi lever farlig. (Ikkje var det eit spesielt godt jordbær heller, så dersom magen til Edin protesterar i kveld så veit eg ikkje om det var verdt det.)

ImageGod natt då!

Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. Anne Lene permalink
    14/05/2012 19:33

    Er fotsopp veldig vanlig? Eller er det vanligere blandt folk som dusjer i dusjer der det foregår babysvømming. Jeg merker det er en fare jeg trolig ikke har tatt seriøst nok…

  2. 06/06/2012 21:47

    Herlig beskrivande. Såg det levande for meg, og måtte smile litt av ko herlig du e 🙂
    Lykke te med dåp ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: