Skip to content

heim, kjære heim

05/09/2011

Nei, veit du. Vi har det alltid så reint her heime vi. Og vi eig ikkje nips, neida. Eg kjøper aldri nips. Og nei, vi har ikkje toalettpapir, det tar seg nemlig ikkje så godt ut på badet. Kva med heller ein blomekvast? Eller duftlys. Eg er ikkje ein duftlys-person. Men på bad og toalett er ok. I alle fall til visning. Så lenge det ikkje er vanilje. Og det er ikkje meininga å ete opp alle operamintsa i glas-skåla, dei skal berre pynte. Det same med epla. Å, så mange epler. Vi har raude og grøne eple. Og H likar ikkje eplekake ein gong. Det gjer heldigvis eg. Og ja, dei keisame bileta på karnappveggane er et resultat av at meklaren syntes mine loppisbroderier var, eg siterar, «kanskje LITT for spesielle». Då antok eg at han ikkje turte å seie noko på søndagsskulebileta av englane som passar på dei små borna, dei hang på andre veggen, så eg erstatta like godt dei og med dei etter kvart så bloggprofilerte syrinene. Og sjå berre kor mainstream eg faktisk kan vere, eg ramma inn noko kvitt til ære for meklaren. (Det vil seie – eg klippa opp ein veldig fin blondeduk. Stakkar duk. Men eg kjøpte jo seks blondeduker på forrige loppis, så det går greitt.) Her kjem eit lite glimt av det kvite:

I kveld kryssar vi fingrane for at alle som skreiv seg på lista etter visningane gir mange og høge bud i morgon. Farvel Torshov. You’ve treated us well. Ok, det er framleis nokre månader til vi skal flytte. Tek avskjeden seinare. Sjekk ut tårnet vårt på finn før det forsvinn!

Advertisements
4 kommentarar leave one →
  1. 06/09/2011 10:25

    Det ser ut som en fryktelig fin leilighet da, tipper dere har hellet med dere 🙂 Lykke til!

    • 06/09/2011 22:05

      salg i boks, og vi er godt fornøgde! 🙂 🙂 no nyter vi dei tre siste månadane på torshov fullt ut!

      • Toffer permalink
        13/09/2011 11:03

        eg stemmer for at du legger ut bilder av de LITT for spesielle loppisbroderiene!

      • 13/09/2011 11:07

        Mulig eg bør gjøre det. 🙂 Dei er ikkje så spesielle altså. Men det er jo greit å se ka som selger/evt ikkje selger leiligheter for tiden. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: