Skip to content

eggande figgjo

01/06/2011

På ein dag som denne vil eg helst gjere alt anna enn å byrje lese skikkelig på eksamen. Eksamenen kjem på fredag, uansett om eg vil eller ikkje, men eg sukkar og stønner allereie før eg har åpna bøkene. Dårlig haldning, eg veit.

I dag, då eg gjekk heim frå jobb, så gjekk eg ein svipp innom brukthallen på Sinsen. Eg hadde nemlig 30 kroner i lomma, og lommebok og visakort låg heime, så eg tenkte at denne gongen, denne gongen skulle det gå bra. Eg har nemleg ein tendens til å komme ut derifrå relativt mykje blakkare enn då eg gjekk inn. Men i dag skulle det brukast maks 30 kroner. Og dei 30 kronene skulle eigentleg nyttast på sjokolade til lesinga, men eg tenkte eg kunne jo ha flaks – finne noko fint og billig, det er betre for tennene.

Og dette er jammen sukkersøtt – og prisen var og søt; 20 kroner for nok stoff til to puter i desse deilige fargane. Eg var sååå nøgd! Det var då det hende.

Desse tre skjønningane frå Figgjo smilte mot meg. Og eg som var blakk. Eg spurte etter prisen på moro. Fekk godt avslag, tre for to, ein god pris, «siden det er deg»  (ok, trofast kunde). Men eg hadde jo ikkje kortet med meg. Tankane gjekk til min gode ektemann eit kort sekund, eg rakk tenkje at han og var sikkert glad for at eg ikkje hadde med meg kortet. Konklusjonen vart at eggeglasa måtte bli igjen i butikken, og det var fornuftig. Og det einaste mogelege. Eg hadde jo ikkje pengar. Eg forklarte det til bruktmannen, gav han ein tjuekroning for stoffet og var klar til å gå. Han stoppa meg.

– Kan du ikke bare ta de med deg, så forsvinner de ikke til neste gang du kommer, sa han.
– Hæ?
– Ta de med deg, så betaler du meg over helga.

Det går jo ikkje an å la være å slå til på eit slikt tilbod. Eg takka, pakka eggeglasa inn i stoffbiten og trippa ut frå butikken. (Og tankane gjekk litt til ektemannen og eg tenkte «søren at vi må vere så voldsomt åpne og ærlige i ekteskapet». Og så telte eg over kor mange eggeglas eg har, og tenkte at ja, no kan vi ha festfrukost. Men vi har aldri så mange over på frukost – anna enn på 17.mai. Faktisk ikkje då ein gong.)

Så no sit eg her og ser på eggeglasa og på stoffstykket og tenkjer på alt eg skal sy. Skal det bli pute? To puter? Ei stor pute? Duk? Uansett: eg må jammen meg lese litt om 1500-talets England først.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: