Skip to content

klapp på skuldra

28/04/2011

Eg går og går. Vi har nemlig skritteljarkonkurranse på jobb. Etter turen til Indonesia ligg eg ganske dårlig an på lista, i skrivande stund på 96. plass, med 14 923 skritt i gjennomsnitt kvar dag. Eg har rekna på det, og funne ut at eg må ha 30 000 skritt kvar dag i to veker for å auke snittet til 19 000, slik eg ligg an no. Det «offisielle» målet er at alle som er med på konkurransen skal gå 10 000 skritt dagleg, men 10 000 er ikkje nok for meg.

For eg vil opp att til topp 20-lista. Der er dei, dei som har tilbragt påskeferien med å hogge ved, springe i fjellet, sykle langturar og spele fotball. Kva skjedde med kviledagane? Eg, med mine usle 14 – nesten 15 000, tilbragte påsken i 30 plussgrader, 80% luftfuktigheit og for det meste i bil eller i skyggen – det var ikkje min feil at eg ikkje kunne gå. (Det vil seie – til vi kom til Malaysia. Der var det for det meste basseng og solseng, Mango Tango og Harry Hole. Og eg angrar på at eg ikkje tok berre ein tur til på treningsrommet…)

Dei som kjenner meg veit at eg ikkje har hatt noko særleg med konkurranseinstinkt. Ei heller (ekte) treningsglede. Eg kan no annonsere at dei to (for meg i lang tid ukjente) elementa er til stades i livet mitt i høgste grad. Eg BLIR så irritert av dei som går forbi meg. Og eg tykkjer det er kult å sjå at kroppen min blir sterkare og meir opplagt. Så eg går og går. Men ikkje kom hit og sei at eg ikkje kjempar; Sjå berre på dagen min, for eksempel tysdag:

Først så går eg til jobb. 1500 skritt. Så går eg litt rundtom på jobb, helst opp og ned til femte etasje nokre gonger (pass på å berre ta eitt trappetrinn i gongen!) og heim att, og endar kanskje på 5-6000 etter arbeidsdagen. Så går eg til Misjonssalen for AUDIO-øving. 4000 skritt. Så går eg heim att, og tjener 4000 skritt til. Men eg går innom på trening på veg heim, og har 40 minutt på ellipsemaskina, og er eg flink og gjer det intenst, så er det 9000 skritt. Eller eg går på ein spinningtime. Omlag 9000 skritt for det og – det kjem an på kor flink eg har vore, var det kanskje berre moderat intensitet? Løftar litt vekter(, eg er blitt ganske sterk faktisk – og har null problemer med senebetennelse lenger – )vips var det kanskje 3000 skritt der og, det spørs kor lenge eg held ut.  Situps, pushups, eg konkluderar med at eg aldri har vore i betre form, og er egentlig ganske nøgd med min eigen prestasjon (for å sei det audmjukt rett ut), og tenkjer at eg tar 10 minutter løping på mølla i tillegg. Det vert skritt av slikt. (Og ein bonus er at dei har ein slik «tren 25 gongar på 90 dagar»-konkurranse på treningssenteret. Der kan ein vinne ein sykkel. Lett.) Klokka blir fort 23 når ein er ute og går, og det er på tide å gå ut for å møte H på andre sida av Torshovparken. 2-3000 skritt ekstra, kanskje.

30 000 daglege skritt er travelt. Men det SKAL gå. Konkurransen varar til 23. juni. Det SKAL eg klare. Klapp på skuldra til meg sjøl, asså. No må eg gå.

//Bilete herfrå.

Advertisements
4 kommentarar leave one →
  1. Gunhild M permalink
    28/04/2011 20:20

    herlighet så flink du er!
    ein liten artig detalj: eg kom til oslo på tysdag kveld for å ta LP-kurs, og på veg til Lovisenberg ser eg deg, Ingelinn og Marianne ut gjennom taxi-vindauget 😉

  2. 28/04/2011 21:16

    🙂 takk! jaaa, då var vi på vei til Audio-øving! Du sku ha tuta. Neste gang.

  3. Gunhild M permalink
    28/04/2011 22:02

    ja, neste gang skal eg hive meg opp i fanget på sjåføren og tute i veg 😀

    • 28/04/2011 22:36

      det blir nok suksess! mendu, har du LAGT NED bloggen din? *hyl

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: