Gå til innhald

– Se, jeg gjør alle ting nye

11/03/2011

I går såg eg ein dommedagskomedie, Mennesker i solen. På ein campingplass i Sverige sankthansaftan konkluderar ein av karakterane i filmen: – Gud er lei av verda, og difor spolar han mot slutten.

Filmen er ein god, norsk film, syns eg. Morosam slik norske filmer er, med deilig klam dialog og pinlige scener som gjer deg flau frå innerst til ytterst. Eg er jo glad i å berre sjå på dei forskjellige karakterane og personlegheitene. Filmen er likevel heilt annleis enn alle norske filmar eg har sett. Verda går nemlig under, og det midt i fellesferien.

Filmen er god fordi den tek opp viktige spørsmål. Den er dårlig fordi spørsmåla ikkje får noko svar.

Filmen er god fordi den får meg til å tenkje. Det passar kanskje ikkje å leggje ut om dommedag og Johannes Åpenbaring på ein blogg som heiter «einfindag.no». Men eg vil ta med noko dei ikkje hadde med i filmen, noko som skal hende når verda tek slutt:

«Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne, og døden skal ikke være mer, heller ikke sorg eller skrik eller smerte. For det som en gang var, er borte. Han som sitter på tronen, sa: «Se, jeg gjør alle ting nye

Det var rart å vakne til jordskjelv og tsunamiar i dag, etter å ha sett ein slik film. Det vart så malplassert. I dag går tankane til Japan og alle landa som er ramma av katastrofen.

Foto/Copyright: Maipo AS Odd Steinar Tøllefsen

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: