Skip to content

åtte ting du kanskje ikkje visste, kanskje

09/03/2011

Svigerinne Line gav meg ei utfordring, og eg tilbringer dagen på sofaen i min bihulenød, so here goes:

1. Det verste eg veit er å ta klede av tørkestativet – då særleg sokkar og undertøy. Difor er undertøysvasken mannen sin jobb her i huset. (oversharing?)

2. I forgårs kveld gjekk eg rundt med kvitlauksfedd i nasebora og i ørene.

3. Favorittblomen min har lenge vore nellik, men no delar ranunklar og peonar førsteplassen.

4. Eg kan ikkje fordra feilskriving i seriøse skriv. Og for mykje bruk av «…» (Helge er kanskje den einaste eg ikkje blir irritert av, det er nemlig så beskrivande for måten han er på …), setningar som sluttar slik!???!!??, (parantesar som ikkje er lukka, og å ta feil.

5. Eg har veldig lyst til å like sushi. Berre fordi det ser så fint ut.

6. I dag spiste eg ein kebab til middag. Åleine. Det såg ikkje så fint ut.

7. Eg har litt angst for å gje frå meg ting eg har strikka. Fordi eg er blitt så glad i plagget. I dag gjorde eg ferdig ein kvit Marius-genser. Heldigvis kjenner eg ingen som passer den for tida.

8. Eg er stolt medlem av Oslo Krins Sysystre, som har sitt første møte i kveld. Eg ligg på sofaen og tenkjer på at det hadde vore kjekt å vere der. Møkkabihuler.

Så. Fortell meg ein ting eg ikkje veit om deg.

Advertisements
6 kommentarar leave one →
  1. 09/03/2011 22:16

    Jeg har begynt å like sushi igjen etter en traumatisk opplevelse da jeg var 12-13 år… DET visste du ikke! 🙂 God bedring med bihulene dine!

    • 10/03/2011 10:54

      Der har du det! Gratulerer, du er kul som spiser sushiiii. Trudde forsåvidt at du var så internasjonal at du spiste det minst ein gang i veko. Men du er jo ikkje fra Japan. 🙂

  2. 10/03/2011 13:37

    Her kommer ikke bare 1, men 2 ting om meg:
    1. Jeg drømmer også om en RAR.
    Design koster penger…
    2. Postkassen vår er gul med hvit blomst.
    Lenge leve spraymaling!

  3. 10/03/2011 15:49

    Eg har det på same måte med oliven.
    Eg har så lyst å lika det, for det ser så kjekt ut å eta, og så fins det monge spennande typer med kvitløk og paprika osv. men eg FÅR det ikkje te..
    umuligt.

  4. 11/03/2011 16:40

    God bedring med bihulene!

    Og du, at du ikke liker sushi er kanskje en sideeffekt av å ha bodd i Os med kun pizzarestauranter 😉

  5. heldags permalink
    12/03/2011 07:27

    Godt å lese at jeg ikke irriterer deg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: