Skip to content

spray it

03/03/2011

Det å skulle flytte til ny, verkeleg heilt ny og ubrukt leilighet byr på masse tankar og idear heile tida. I perioder tenkjer eg mykje på det, at eg vil ha det slik og sånn, og eg kosar meg med nye prosjekt.

I går fekk eg den gode (…ehja) idéen å spraymåle fretexlampene vi nyttar på soverommet. Dei har sin sjarm, ulike og unike som dei er, og passar eigentleg godt inn på soverommet vårt.
«Men dei blir finare i kvit i nyleiligheten,» tenkte eg, «då er det jo på tide å spraye.» Tålmodig? Neppe.

Eg kan no informere om at det ikkje er lurt å spraye ting innandørs, uansett kor mykje avispapir ein nyttar for ikkje å søle, så vert det nemlig veldig mykje lukt. Og ja, du må ha fleire lag. Ergo du må lufte i sikkert ein tiiiime. brrr! Så langt har eg spraya to lag, og måla eitt lag med akrylmåling for å dekke over nokre ting som skein gjennom. Det satt liksom ikkje heilt optimalt. Men no ser det ok ut, og det blir endå betre når eg får spraya eitt lag til. *Utandørs, vel å merke.

Dei må få seg nye lampeskjermar, eg lurer på om eg klarer å sy det på «skjermrammene» eg har no. Satsar på det. Desse blir i alle fall superfine på vårt nye soverom, på våre finfine teak-nattbord, og eg har enno 9 månader å (lære meg å) sy lampeskjermar på!

No er det på tide å pleie bihulene. Typisk min flaks at dei slår seg vrang no. Går og liksom myser med venstre auge fordi det gjer vondt. Jaja, det kunne ha vore verre – og nokre gongar må det bli verre før det blir betre. Satsar på at forkjølinga slepp taket saman med bihuletrøbbelet i morgon. No skal eg drøyme om Eames Side chair med eiffel-bein rundt vårt nye kjøkkenbord (*framleis om 9 månader, ja). Aaaaah. Kva om ein kjøper ein i året..? Dei er fin-fine. Og gyngestolen! åååååh…

God torsdag, alle!

Advertisements
7 kommentarar leave one →
  1. 03/03/2011 21:54

    åå så fine dei blei:) eg gleda meg til å sjå nye leil.om ni mnd:) og kjekt av du ble med på giveaway! 🙂

    • 04/03/2011 18:04

      dei skal bli fine, ja:) og eg og gler meg veldig til å gå inn i vår nye leilighet! sukk… Får bare drømme inntil videre!

  2. 03/03/2011 22:04

    jeg er VELDIG med på drømmene dine. Mannen min anklager meg for å være materialistisk når jeg nevner eames (i en eller annen form). Say what? Det er jo bare kvalitet. Er det ikke?

    En i året hadde vært fint… 🙂

    Og du, lampene ble finfine. Og blir nok smashing på et teak-nattbord.

    klem

    • 04/03/2011 18:07

      Eg har skjønt at ein må legge fram bilder av fine ting til mannen før prisen, jaffal:) For øyeblikket tenker eg at Eames-stoler definitivt er verdt alle sine penger. Men trur vi må ta ein tur for å prøvesitte dei, det holder ikkje at dei ser bra ut i lengden… dessverre. 🙂

  3. 04/03/2011 10:50

    Flinke og kreative svigersøster! Ble jo kjempefint, men vær forsiktig så du ikke blir løsmiddelskadet 😉

    God helg til deg og din kjære!

    • 04/03/2011 18:08

      Kanskje løsemiddelet har satt seg i bihulene? o-oi. Gratulerer med dagen til Emiil i dag! 🙂

  4. 04/03/2011 18:55

    Fiiiine! Du e flink! Mi mormor gjekk på «sy lampeskjerm»-kurs i si tid, sånn på femtitalet. Men du klare det sikkert uten kurs, altså! Slå ræ læs!
    Gler meg te mandagen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: