Skip to content

pensjonistbriks with a twist

03/02/2011

Tebriks Maria Celine style. Oppskrifta er frå Matprat.no, klikk her for å finne den. Ja, eg veit det høyres pensjonistaktig ut å lage tebriks. Men eg er solgt. Laga ein runde i går, og ein ny i dag. Dei forsvinn berre! Desse er litt annleis enn tebriksa ein smører pålegg på.

Twisten kjem når ein har laga deigen og kjevla den ut. Då skal nemlig pålegget inn i tebriksa. Smør, små pølsebitar og ost for min del. Strø det jamnt fordelt over, og stopp for å ta bilete:

Pakk inn pålegget, slik at deigen ligg i tre lag. Deretter skjærer du over deigen slik at du får… briks. Ca 4 cm breidde er bra. Stopp for å ta bilete:

La briksa heve litt, gjerne til mannen kjem heim frå arbeid, og pensle dei med samanvispa egg før du hiv dei inn i ovnen. Der skal dei stå i kanskje berre 5-7 minutt. Pass på, dei vert fort for stekte. Men ta deg gjerne tid til å ta eit bilete:

Ai ai ai. No er det på tide å ta dei ut. Ta bilete før dei forsvinn!

Advertisements
3 kommentarar leave one →
  1. 04/02/2011 11:35

    ååå så godt det er! æg ve ao ha! 🙂

  2. 04/02/2011 11:56

    Wow! Her skjer det ting. Gratulerer med nytt hjem (snart)! Må si jeg misunner deg eget rom til symaskinen. Og ang. tebriks – så liker jeg litt pensjonistfaktor. Du føler deg liksom litt mer «skikkelig» husmor da;-)

  3. 05/02/2011 02:06

    Nam!
    Men enda viktigere: fin en dritnais header! Liker, liker, liker!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: