Skip to content

sveve over oslo

02/02/2011

I dag har vi signert! Den 1.desember står blokka vår ferdig på Frydenberg – ja, vi skal ikkje kjøpe heile blokka då, berre ein leilighet i toppen, i sjette etasje, der skal vi sveve over Oslo med vårt integrerte kjøkken og eg skal ha eit rom med ein stor pult som eg kan ha symaskina på. Det er eit lite hjartesukk å selge tårnet på Torshov, men det skal bli deilig med meir plass. Og balkong. Eg har lenge drømt om balkong med turkise møblar, men når eg tenkjer meg om blir nok det litt stygt. For desse husa er ikkje sjarmerande torshovbakgårdar. (Der passar nemlig turkise møblar.) Men vi kan ha ein grill. Og på boden kan vi ha ein heil fryseboks. Eg tenkjer og tenkjer, kva møblar skal vi ha, tru? Ein idé eg har er å kjøpe eit slikt 50-talls spisebord som eg fann på finn.no å ha til kjøkkenbord/spisestovebord. Det må nok malast kvitt, men det er jo så solid og fint, og med fine stolar til blir det ein ekstra god plan. Men eg har heldigvis god tid til å få mange idéar enno. (og til å overtale H om at mine idéar er dei beste.)

Ventetida nyt vi på Torshov. Eg kjem til å sakne å bu her – i umiddelbar nærleik til Kaffebrenneriet (men eg tenkjer at då kan ein jo investere i ei slik nespressomaskin), Myrens, Torshovparken, Åpent bakeri, Sandaker Tannlegevakt osb. Men åååå som eg gler meg til å få denne utsikta her  når eg lenar meg ut og ser mot høgre(trur eg)! (Dersom vi ser rett fram, så ser vi mot sentrum og fjorden, men eg fann ikkje noko bilde frå akkurat vår vinkel…) /bildet kjem frå nettsida til prosjektet:

 

Advertisements
3 kommentarar leave one →
  1. Lilliane permalink
    02/02/2011 11:49

    Gratulerer med nytt hjem!!

  2. 02/02/2011 12:59

    Velkommen til god-strøket.

  3. 03/02/2011 15:53

    Takk:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: