Skip to content

endelig

13/01/2011

Endelig eit nytt blogginnlegg. Og endelig bilete på veggen! Vi bestilte forstørrelse i akrylglass frå japanphotoxxl.no, og er særs nøgd med det. Dette biletet her klarar ikkje gjengje det skikkelig, men fargane vart fine, og kvaliteten god (*kvalitetsindikatoren på nettsida gav det eine biletet 2 av 5 stjerner. Det vart bra likevel). Bileta er frå Os (dei to første), og det til høgre er teke frå toppen av Reinsfjellet, frå dagen vi forlova oss. Neste prosjekt vert lerretstrykk.

Desse to fine blikkboksane fann eg i brukthallen på Sinsen. For ein flott plass! Det er litt rart der, det står jo aldri pris eller prisantyding på noko, og menna som arbeidar der tuslar etter deg med hendene på ryggen. Dei seier ALDRI kva noko kostar før du spør. Men dei fortel meir enn gjerne kor tid gjenstandene er laga, og korleis dei fekk tak i dei. Også er dei akkurat så stakkarslige/søte at ein ikkje heilt tør å prute. Men eg pruta med ned ein hundrings i dag, nøgd med det. Og FOR nokre fine boksar! 25 kroner stykket, sikkert fordi dei var frå Israel. Perfekte til alt mulig. Eg kjøpte og noko anna i brukthallen, men dei har ikkje kome i hus enno. (Følgjer du meg på twitter (Følg meg! Følg meg!), så har du vel ei aning om kva eg meiner.)

Litt vår i januar. Eg gler meg til sommaren kjem.

Advertisements
3 kommentarar leave one →
  1. hildegunn permalink
    14/01/2011 12:51

    Å! så fine bilder!

    • 14/01/2011 14:15

      Takk! Sei i fra hvis du vil ha et på veggen:) (men du må fremkalle det sjøl)

  2. Line permalink
    14/01/2011 20:24

    Fine bilder! Og du, bildet i «headeren» din hadde passet perfekt på lerret her i stuen tror jeg ;o) Har du et til din kjære svigersøster?

    Ha en strålende januarhelg med din kjære og friske blomster!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: