Skip to content

lampefot – ikkje stjernefot

21/12/2010

No er adventsstjerna vår komen opp i vindauget (ikkje for tidlig, akkurat(og dårlig mobilbilde,ja.)). Eg har leita lenge etter den perfekte stjerna. Trudde eg ville ha sånn med «lampefot» – og var lukkeleg når eg fann ein fot på Åhlens – på Storo Storsenter det grusomme – midt i julestria den travle. «Dei har gøymt den bort,» tenkte eg då eg fann stjernefoten under ei hylle, «dei er sikkert tomme for stjernetoppane.» Eg fann sjølve stjerna på ein annan butikk, og gjekk lukkeleg heim.

Heime brukte eg lang lang lang tid på å teipe, fomle, ordne, prøve, feile og stresse med den møkka stjernefoten og stjerna på toppen som ikkje heilt ville sitje beint eller sitje på i det heile – og eg klippa og teipa litt meir og tenkte at dette må jo gå! Annakvart vindauge eg ser i har faktisk stjerne på fot!

H kom heim frå jobb. Eg sukka og klaga, og innsåg at eg ikkje kom til å klare å montere stjerna på stjernefoten. Så eg spurte fint om han ikkje kunne tenkje seg å slite seg opp på Storo for å bytte foten i oppheng – eg hadde nemlig sett at dei hadde eit oppheng att, og no var eg litt bekymra for at det skulle vere borte. «Ok,» sa H. «Har du spist?» spurte eg. «Nei,» svara H. «Du kan få kjøpe deg noko på McDonalds?» sa eg. Han gjekk. For ein mann. Ein helt. Han fortjente verkeleg julegåva si:

På Storo lo ei Åhlensdame. «Dette er ein lampefot – ikkje ein stjernefot.» Eg er glad eg slapp å bytte lampefoten sjølv. No har vi oppheng. Det er ok. Stjerna er i alle fall perfekt.

No er det snart berre å pakke seg saman og reise. Ein arbeidsdag att i morgon, før vi vender snuta mot vest. Alle gåvene er i boks, og klesvask nr to er i maskina (Typisk dagen-før-vi-reiser-vekk-syndrom). Eg tykkjer det er heilt ok å vaske klede og slikt, men er ikkje så glad i å leggje dei saman og leggje dei på plass. Håndkle går absolutt greiast, men H har ansvar for å vaske undertøy og sokkar. Det kan eg ikkje FORDRA. (og SÆRLIG å leggje saman sokkar! ultrakjedelig!) Eg veit ikkje om H tykkjer det er kjempekjekt sjølv, men han gjer det i alle fall. Nemnte eg at han fortener gåva si? (Han tar nemlig oppvasken og – OG kjem heim med lots and lots of ved før eg så mykje får TENKT på ved ein gong.):

Advertisements
3 kommentarar leave one →
  1. 21/12/2010 21:15

    Bare så synd at d skal være JULESTJERNE å den skal opp TIL JUL… Men fin va den. Dekorert med stiliserte polkagrisa å greier!

  2. Line permalink
    22/12/2010 14:49

    Gleder oss til å feie jul sammen med dere :o) Her laver snøen ned så det kan virkelig se ut som om julen blir hvit her også :o) Hilse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: