Skip to content

julebord

16/12/2010

I kveld skulle eg eigentleg ha vore på julebord – med curling og god mat og fine folk. I staden sit eg her med mentholnasespray (det er alt for sterkt for meg, blæ) og snytepapir. Dagens spenningsmoment har vore 1) å skrape Håvard sin Flax-kalender (No har vi faktisk veldig mange fuglar – og enno er det mange dagar til julaftan!) og 2) Når ein niandeklassing banka på døra for å selge antikklys til inntekt for klasseturen deira. Ti stykker for 50 kroner. Eg svarte ja, klart det, snufs, host, og gjekk inn for å finne nokre bakterieinfiserte kronestykker. Tanken slo meg at kanskje eg støtter jenta si første fyllekule i ein tysk forstad – på tur med kvite bussar. Jaja, fine lys.

Hovudpina har akkurat letta, og strikketøyet er tatt fram til X antal episodar Glee og House. Det same er konfekteska. Det er verkeleg ikkje noko som er så deprimerande som å ha ei konfekteske aleine. Gode Ønsker. Dvalemodus. Snakkast.

Advertisements
5 kommentarar leave one →
  1. 16/12/2010 23:15

    Bør eg ønskje meg Glee?

    • 17/12/2010 13:43

      Eg syns det e konge! Hvis du liker typisk high school-serier, morsom musikk og dans og sånt 🙂 og tenåringsissues! hehe.

  2. Linga-Ingrid permalink
    17/12/2010 11:31

    God bedring, kjære pusekatt!! Eg ligge på sofaen med kvalme og omgangssjuke – skål for oss!

    Pass på deg sjøl, og se maaaaaasse på TV. Det hjelpe. Me ser Dexter og True blood paralellt her i heimen.

    PS: Mentholspray e dritdigg.
    PS2: når du e frisk må du komma hit te meg!! På besøk!

    • 17/12/2010 13:44

      Oh noooo, Ingriiid. Bli frisk fort! Eg kommer på besøk når smittefaren er over! 🙂

      I love you

  3. 18/12/2010 01:02

    offa..hørtes Udigg ut…sjukdom her og…kjennes ut som eg pusta gjennom et sugerør og blir kvelt av mitt eige slim når eg søve!! usj…typisk..og så i jula..maten smaka liksom ikkje det samme når en er uggen og sjuk!!

    go bedring:)

    klem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: