Skip to content

himmellengt

01/12/2010

I dag snakka vi litt om himmellengt på jobb. Eg har det så godt her på jorda at eg har vanskar for å sjå for meg ein himmel, og for å sjå for meg noko som i det heile teke er betre enn slik eg har det her. Eg er heldig slik. Det er noko å tenkje på, dette med himmel. Evighet.

Dr. House: « If you believe in eternity then life is irrelevant. The same as a bug is irrelevant in comparison to the universe.»
Patient: «If you don’t believe in eternity then what you do here is irrelevant.»
H: «You’re actions here are all that matters.»
P: «Then nothing matters. There’s no ultimate consequences. I couldn’t live like that. (…) I need to know that it all means something. I need that comfort.»
H: «Yeah. Are you feeling comfortable? You feeling good right now – you feel warm inside?»

Det dreier seg om meir enn ei varm, fuzzy kjensle inne i seg, den trøsten det er i at det er ei meining i livet. At det fins noko meir etter dette livet; det er ein som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde. Han har født oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. (1.Petersbrev, v3-) Evig.

Eg takkar for velsigningar, eg takkar for gleda, eg takkar for å ha det godt, og set mi lit til at himmelen skal bli betre. Fullkomen. Det er ein ubegripelig tanke. Det er bra med ein dose himmellengt ein gong i blant, og på det jamne ei lengt etter å vere nær Kristus. Hugs berre at reisa mot himmelen er livet, det betyr noko, livet er ikkje irrelevant. Livet er ei gåve.

Hjem, hjem, hjem –
Brusende bølger fører meg
hjem, hjem, hjem –
Englenes sang jeg hører
hjem, hjem, hjem –
der på de hvite strender,
snehvite skarer venter meg der. 

//dialog frå House MD //vers frå Frelsesarmeen si gamle, gamle sangbok //biletet er lenka

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: