Skip to content

detersåkaldt

23/11/2010

Det positive med at det er kaldt er at
a) dei har salg på ullundertøy på Cubus (takk for tipset, Marianne!)
b) eg får lov til å fyre i peisen så masse eg berre vil (nesten)
c) det er ok å ikkje gå ut
d) det er ekstra hyggelig med middagsbesøk (sjølv om eg måtte gå ut i kulda for å kjøpe maten)e) eg har fått pelshua mi, og den er så kul
f) eg må sjekke om eg har skikkelige vintersko, og dersom eg ikkje har det, så må eg jo ønske meg nye til jul
g) eg kan ønske meg ting til jul! (:rosa mummikrus eller det kvite med mummi eller det oransje med hattifnattar på, kanskje vintersko av typen timberland – ikkje sånne gule, LYSEBLÅ Fjällreven kånken 15″-ryggsekk (så kan eg og ho her og ho her starte klubb. Forresten så trur eg eg hugsar at min gode mann i eit svakt augneblink lova meg ein slik. Eg har nemlig ikkje futteral(??) til macen min. (noko eg OG ønsker meg.)), mine eigne bilete på lerret til å ha på veggen, eit stort serveringsfat forma som eit grønt blad som eg drømte om i natt (dei sel dei ikkje lenger. frå indiska. underbevisst er eg nok meir bitter enn eg trur for at eg ikkje kjøpte det…), håndklede som er av den nokolunde store, og nokre litt små i denne fargen, kandelaber frå Åhlens (som på biletet øverst), fyringsved, linser som heiter Canon EF 35mm f/2,0, og 17-40mm f/2,8 (neida, den koster jo 11.450 kr!) – 17-40mm f/4,0 går bra (kven bryr seg eigentlig om dette), fine stearinlys, retrostoff frå sengetøyskapet ditt, augeskugger (øyenskygger ja) i fine farger, fine filmar, nokon som kan strikke ferdig alle dei påbegynte prosjekta eg har på loftet, gode varme lange lause store ullgensarar, ja, kva meir kan ein ønske seg? Jo! Denne fine vasen, desse fine fata og DETTE. Ååå det er så mykje fint.
No har eg berre eitt punkt att.
i) eg kan ha dårlig samvit for at eg ikkje les til eksamen, men så kjem eg på at eg må fyre i ovnen og då tenkjer eg ikkje på det lenger.
Sånn.

Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. shoops permalink
    25/11/2010 01:25

    Kunne ønskje eg hadde ein peis å fyre i… 🙂

  2. 26/11/2010 00:29

    eg gidd ikkje å strikke ferdig dine ting, for eg har så mange eg må strikka ferdig av eigne påbegynte ting, men kan gjerne strikka saman med deg! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: