Skip to content

kul

14/10/2010

Det er haust i bygda. Haust tyder for mange daud og pine. Det tyder nok nettopp dette for meg og, men eg vel å gå mot årstida, og higer stadig etter noko nytt. Hausten er vel og byrjinga på noko nytt – dersom ein berre ser langt nok fram? (Forbi den ofslege vinteren, that is.) Uansett: Etter svippen til London vart eg inspirert av alle dei utruuulig kule folka der. Når eg kom heim tenkte eg at det var på tide. Eg skulle til frisøren.

Timen vart booka. Torsdag ettermiddag. Eg troppa opp, og hadde kledd meg i (noko eg tykkjer er) kule klede. Svart, enkelt, og litt kult då. Genseren-nedi-buksa-kult. Eg er nemlig av den oppfatting av at frisøren ser på kva eg går med, for å sjå kva sveis eg kan kle. Så eg gjekk for «kult» i dag. Eg freista og å oppføre meg kult, slik at ho ikkje skulle gjennomskue forkledninga mi. Når eg sat meg ned og såg meg sjølv i spegelen hjå frisøren sa eg høgt at «dette var på tide». Frisøren var einig, ho nikka og smila. Ho var sjølvsagt frå Sverige. Det vart eg glad for – svenskar er særs coole.

Ho drog litt i håret mitt. Løfta på tjafsene og sa at ho trengte ikkje å ta så mykje, eigentlig. Det var ikkje SÅ slite. Det var ok, for eg har tenkt at eg har lyst å ha litt langt hår. Men noko inne i meg vart skuffa. Eg hadde hatt lyst til at ho skulle få ein visjon når ho såg meg:
– Ditt hår är jättestiligt! Och vilken TYP du är! Jättetrevlig och samtidigt otroligt cool! Jag skulle bara vilja klippa en lugg och klippa såhär och såhär, skulle ho sei. Og etter at ho hadde forklart og delt sine visjonar, så skulle eg sjå det levande for meg.
– Det har eg aldri tenkt på! skulle eg utbryte. – Du har rett! Eg kjem til å bli dritkul.
Og etterpå skulle ho klippe og håret kom til å bli akkurat passe typete, og akkurat passe kult, og lett å handtere i kvardagen.

Men det vart ikkje sånn. Eg endte opp med streiting-sveis. Som vanlig. Etterpå gjekk eg for å kjøpe meg ei potteplante, og deretter laga eg laks til middag.

Advertisements
7 kommentarar leave one →
  1. Hanna Louise permalink
    14/10/2010 18:13

    Dette var en fin post!

    Jeg synes du er kul/cool.

  2. Janne permalink
    14/10/2010 18:49

    streiting-sveis e det nye kule.

  3. Line Stordal permalink
    14/10/2010 19:25

    Og jeg som trodde at JEG var inspirasjonen…. *sukk*…

  4. Lilliane permalink
    14/10/2010 21:38

    Så utrolig festlig, he he! Er redd frisørene er akkurat så gode menneskekjennere at det ikke nytter å kle seg ut. Hadde akkurat samme engasjementet som deg da jeg satt meg i stolen sist, og skuffelsen var stor da hun sa, tja, sveisen din er jo egentlig ganske praktisk, skal vi ikke bare ta litt av tuppene? Følte jeg likeså godt kunne tatt på meg en av mine blomstrete kjoler likevel..

  5. 14/10/2010 22:16

    Line, du var jo i London! må jo ha vært litt inspo å finne i deg og!

    Eg sa til frisøren at eg egentlig hadde litt lyst til å klippe meg kortere, men at alle (Line…) har klipt seg kort no, så eg vil ha langt hår litt til.
    «neste gang kan vi klippe det kortere,» sa ho på svensk. «når alle andre gror sitt ut igjen.»

    Ohyes. Eg har håp om å ein gang bli kul. ohyes.

    (men hvis alle andre vil ha langt hår, så vil eg og sikkert det. ehe.)

  6. 15/10/2010 13:15

    Er dette en omskriving av alle mine frisørbesøk for å få dem til å passe til ditt liv? Kjenner med så syykt igjen i dette!

    Men med genseren i buksa kan man være sykt fresh og kul med «bare» en streit sveis! 😛

  7. 15/10/2010 16:12

    Husk at eg syns du e dritkul. Husk det for alltid!
    PS: eg glede meg te foto-shoot!
    PS2: Eirik glede seg sånn passe te foto-shoot, men eg tror an glede seg te å henge med deg då.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: