Skip to content

hugs

28/09/2010

I dag har eg brukt litt tid og energi på å tenkje på hukommelsen min. Det har seg nemlig slik at eg ikkje er så god på å hugse ting. Til dømes ligg det ei bursdagsgåve til ei god venninne som hadde bursdag tidlig i månaden på kjøkenbordet. (Den skal eg poste i morgon!!)

Og ofte gløymer eg å gjere noko sjølv om eg akkurat har fått beskjeden om å gjere det. Endå oftare kjem eg på ting eg burde gjort, utan å ha gløymt det ein gong. Det fall meg berre aldri inn. Men teorien som kom til meg i dag, der eg sat foran pianoet og tenkte at eg heller burde ha lese grammatikk, er at hjernen min er full av melodiar som tek opp all plass. Eg kan mange melodiar. Unyttige kanskje også. Eg kan så mange melodiar at av og til, når eg vil lage ein song, så lagar eg den også er den allereie funne på av nokon som var tidligare ute enn meg. Fort gjort det. Uansett var det veldig demotiverande å tenkje på den fulle hjernen min – så det vart ikkje noko grammatikklesing på meg.

Ein annan ting er også det med å hugse ting eg aller helst ville ha gløymt for lenge sidan. Hugsen er selektiv. Det er openbart. Eg hugser best det eg vil hugse. Likevel – det er rart at menneske ikkje har ein innebygd forsvarsmekanisme som hindrar ein i å hugse det ein ikkje har godt av å hugse. Tydelegvis heng dei pinlege, kjipe og triste tinga ganske godt i.

Uansett. Denne songen høyrer eg på når eg treng eit puff i sjølvtilliten. Kanskje nokon kjem til å hugse meg?

ps: bileta er linka
Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. 28/09/2010 22:29

    det er så EKKELT å plutseleg kome på ultrapinlege ting ein har sagt og gjort. æsj.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: