Skip to content

Ramadan er (snart) over

09/09/2010

– I dag var det veldig mange som ikke var på skolen. Vi er seksten i klassen, og seks stykker var borte, sa jenta til bror sin som sat ved sida hennar på bussen.
– Å, hvem var borte da, spurte han. Han måtte ha vore om lag sju år, berre nokre år yngre enn søstera som såg ut til å vere ni.
Ho byrja ramse opp namn.
– Pinar, Rakel… og to til. Det var visst bare fire. Men jeg husker ikke de andre.
– Hos oss var ingen borte. Bare Ali og Fatima, sa han.
– Ali og de er ikke skikkelige muslimer, sa jenta lågmælt til bror sin.
– Hæ, svara han og sperra opp augene. – Hvem da?
Storesøstera byrja forklare.
– Ali og de, sa ho med ein insisterande tone. – De er sånne hisja-muslimer eller no», og vi er sunni-muslimer.
– Sunni-muslimer? Hva er det?
– Jeg vet ikke, men Ali og de feirer i dag og ikke i mårra, og da er ikke de skikkelige muslimer.
Dei såg på kvarandre, og så såg dei på meg, som sat ovanfor dei på 20-bussen. Eg smilte, og dei smilte. Eg tok sjansen.
– Ka skal dåkke feire? spurte eg.
– Det ække i dag, sa jenta. – Det er i mårra.
– Åja, men ka er det dåkke feirer?
– Id, sa ho.
– Er det det som kjem når ramadan er over, spurte eg.
Jenta smilte. – Ja, og da er det fest!
– Stor fest? Spurte eg, og såg frå jenta til guten. Guten nikka.
– Ja, sa jenta, med eit breidt smil om munnen.
Så gjekk dei av bussen, og la på sprang mot trikken.

Advertisements
3 kommentarar leave one →
  1. Lene Jelsa permalink
    09/09/2010 17:48

    Fantastisk historie!

    I fjor hadde eg ei elev fra Somalia, hu forklarte meg ka Id va, og kossen di feira det på denne måten:
    «det er liksom julaften for oss, vi gjør sånne vanlige ting som dere gjør når det er jul, i fjor for eksempel, var vi på MacDonald’s og spiste middag, og så gikk vi hjem.»
    Eg visste ikkje heilt om eg sko le eller grina;-)

  2. 15/09/2010 18:57

    eg hadde 4 elevar i klassen min i fjor eg når d va id. d blei flåklypa grand prix. 😛

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: