Skip to content

bruktfunn

01/08/2010

Her er to av fem fine ting vi fann på Fretex i Lyngdal denne veka. Eit bilete, kjøpt for ramma si skuld, og ei aviskorg. Fint? Men hald deg fast. Det stoppar ikkje der. Kva tykkjer du om…

…desse strålande lampane? Det vil seie – berre den eine strålar førebels. Det fulgte nemlig berre med pære til den eine. Og dessutan hadde dei ikkje fine nok skjermar, berre ein. Eg lyt finne den andre ein annan plass. Men desse skal få stå på soverommet, på kvart sitt nattbord, og matche tapeten litt. Dei var så fine der dei stod, eg klarte ikkje å gå i frå dei! Stakkars lampene kunne ikkje ende opp åleine, det hadde vore katastrofe!


Eg skulle aller helst ønske at eg kunne innrede 15 rom til i leiligheta vår. Det er jo så kjekt! Men vi har berre dei romma vi har. Og då er det faktisk begrensa kva vi har plass til. Men men. Uansett. Dagens tips er: du treng ikkje innreie alt ferdig, sjølv om det er så kjekt, på ein-to-tre. Kanskje endar du då opp med ting som er heilt ok – men så finn du noko anna som er finare berre ei veke seinare.

Sjølv har eg brukt litt tid på å finne ut kva eg likar, og no tykkjer eg det er litt dumt at vi eigentleg har fullt hus. Det er jo ikkje plass til så mange nye ting, liksom. (Men eg likar godt at vi har det som vi har det, altså, så ikkje få panikk, Håvard.) Men det skal bli fint å ha eit hus ein gong, med mange rom. Mange fine rom.

Advertisements
7 kommentarar leave one →
  1. Andreas N permalink
    13/08/2010 10:48

    Liker bloggen din, Silje!

  2. 13/08/2010 11:06

    Takk for det! 🙂 hyggelig!

  3. lilliane hananger nøkland permalink
    13/08/2010 12:09

    Typisk fretex i Lyngdal-ting, hehe. Du skulle ha kikket på kjolene også, hadde helt sikkert vært noen der som falt i smak 🙂 Men hvor er den femte tingen du kjøpte?

    • 13/08/2010 12:17

      hm. femte ting. no måtte eg tenke meg om, men eg trur det blir sånn: 1: lampefot 2: lampefot 3: lampeskjerm 4: aviskorg 5: bilde med ramme. I dag må eg kjøpe ein lampeskjerm til trur eg.

  4. 13/08/2010 18:34

    Jeg liker også bloggen din!! Og de nye lampene dine! Og aviskurven! Så flink du er til å finne fine ting! Syns du skal starte Siljesbruktogpent.no
    Også likar eg nynorsken din, min trengs å friskas opp. som du kanskje skjønner..

  5. jenny permalink
    27/08/2010 13:54

    se på det! Vi har lik aviskorg! konge 🙂 Fin blogg, silje!

    • 27/08/2010 14:04

      huhei! konge! vår er litt rusta – litt usikker på ka eg ska gjøre med det. Også såg eg ein som var heilt fin og flott på et bruktmarked på rosenhoff. oooo. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: