Skip to content

fin dag

19/07/2010

Du kjenner kjensla når du har gått i dei same klea i ei veke? Det er sveitt, illeluktande og skittent. Men aller mest er det keisamt.

Ein treng forandring. Siljepilje.blogspot.com har kome til ein slutt, og no er findag.wordpress.com ein brutal realitet, ei overrasking for nokre, og ei kjærkommen endring for andre. Her er i alle fall kår for bileta mykje betre enn på blogspot. Eg trur dette kan bli bra. No har eg lyst til å fylle denne bloggen med fine ting! Eg har byrja så vidt på ei liste med lenkjer. Lenkjene er både til menneske eg kjenner, og ikkje kjenner. Eg les jo veldig mange bloggar, og mange er så fine at dei vil eg vise til andre også.

Eg treng og litt hjelp av deg. Kva vil du lese? Er det interessant at eg synsar, eller er det kjekkast med «dette har eg gjort i dag»?

Elles er dagane fine. Til dømes i dag, når eg og Håvard kom på delt fjerdeplass i Torvikbukt open i hesteskokasting (det er ikkje så lett som det høyrest ut). Fin dag.

Advertisements
3 kommentarar leave one →
  1. hildegunn permalink
    23/07/2010 00:40

    Jeg vil se fine ting.
    Du trenger ikke fortelle meg alt du har gjort i dag.
    Du kan godt fortelle meg hva du tenker på, eller hva du tenker om viktige og mindre viktige ting.
    Men aller helst vil jeg se fine ting.

    Jeg har anbefalt bloggen din til noen av mine venninner, jeg tror de likte den 🙂

  2. 23/07/2010 11:20

    Du måtte trø til et sånt innlegg i sommer du også? 😉 Jeg er klar for samme linje som gamlebloggen: Idylliske innlegg i enten skrift eller bilde.

    🙂

  3. 23/07/2010 12:57

    Oi! Du er seriøs blogger du! 😀 Ser bra ut!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: