Skip to content

dette er det ein skriv dersom ein ikkje heilt gidd å gjere noko anna, men berre sit i sofaen med macen i fanget.

07/07/2010

kjære matmor (solveig) og matfar (andreas). sjå kor fin eg var då eg levde eit kort men suksessrikt liv hjå silje og håvard. eg og mine søsken koste oss på heidersplassen i karnappet. no er vi kasta fordi vi råtna/visna. eg vonar de har det bra i usa, bloggen dykkar er kjempekjekk og gjev meg lyst til å reise sjølv. helsing peonen dykkar.
så. eg tok ein test for å finne ut om eg hadde autistiske trekk, det hadde eg ikkje. det er interessant, det der med autisme. men har de sett Adam no? den er bra, tykkjer eg.

elles har eg sjølvsagt sett den nyaste twilight-filmen. det er artig å tenkje at forfattaren er mormonar, eg trur ho driv kyskhetspropaganda. det er kult. uff, eg burde jo ha skrive noko som er fornuftig og smart om den filmen, noko med at vampyrar er ikkje noko å fremje i dagens samfunn, samfunnet der folk drøymer om ei verd som i Avatar, og evig liv som frå vampyrar. til dette samfunnet vil eg seie to ting: 1) sjå rundt deg. er ikkje skaparverket det vakraste Gud har gjeve oss? sjå på deg sjølv. er ikkje blodet i årene dine, oksygenet i årene, celleandinga og mitose det største i verda? ingenting kan måle seg. 2) evig liv er innan rekkevidde. det er sant, eg har sjølv retten på det – gjennom Jesus. det er eit nytt liv som levande, ikkje eit liv som daud.

men twilight har ei fin kjærleikshistorie i seg. eg gler meg til neste film, for eg har ikkje lese bøkene. no les eg ei fin bok, eg er så takksam for at eg ikkje har ein eksamen eg burde lese til, eller sjukdommar å pugge, oppgåver å skrive. no kan eg gå på jobb, gå heim, vaske opp, pakke til ferie, lese i ei bok. ah, livet.

Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. 08/07/2010 13:40

    Nå kunne eg jo kommentert peoner, Adam, Twilight eller til og med mitose, men det eg hång meg opp i va Mac'en i fånget.. :)Kan eg få dine topp 3 argumenter for at eg ska kjøba ein sånn?Sommarhilsen frå påvirkelige-og-forvirra-"adle-har-ei-meining-om-ka-data-eg-ska-kjøba"-Tovi 🙂

  2. 09/07/2010 05:30

    ååå så glad jeg ble for hilsen fra peonbabyene mine!!! Kjempeglad for at dere kunne få (litt?) glede av de 😀 Har tenkt mye på dere denne turen, hvilke tips jeg skal gi dere 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: