Skip to content

hurra

01/07/2010

(matboksen skal eigentleg opne seg på biletet. men eg får ikkje til å laste opp gif. sukk)

No er eg 24 år. Eg fekk mange fine gåver, og endå fleire og finare gjester. Sukk. Den som hadde hatt bursdag kvar dag. Eg elskar bursdagar. Spesielt min eigen.

Bursdagen min var, trass regnet, som peonar. Søt, rosa, fin, med god lukt, morosam og innhaldsrik!

Men Maria måtte få Hello Kitty-plaster. Då vart ho glad, sjølv om eg ikkje hadde pyrisept. Hallo, eg er då ikkje sjukepleiar.
Muffinsane var pynta til fest dei òg. Og dei matcha perfekt. Synd jordbæra var så raude, elles skulle dei fått vore med på biletet.


I kveld var eg og Håvard enig om at mine rundstykker smakar betre enn dei vi har i frysen. Difor baka eg nokre på slump, åtte stykker. Dei vart veldig gode, med jordbær på. Sjå, der fekk jordbæra vere med på bloggen likevel!


No spelar Håvard symfoniorkester. I morgon er ein ny dag, og den nye dagen tek med seg siste helg før ferien! Ai ai!

Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. 02/07/2010 04:54

    er peonene fra hagen min? hvordan gikk det med de?? kom de ut? 🙂

  2. 02/07/2010 11:04

    Hei!Dei her er nok ikkje fra hagen din, men fra butikken, og fra Kari! Dine blei kjempefine, men er litt annleis i bladene – eg tok bilde. skal legge det ut så du får se! 🙂 Dei døde då. Det var jo litt dumt. men dei levde ganske lenge!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: