Skip to content

namedropping

19/06/2010


No såg eg akkurat ein dokumentar på DR1 om Kronprinsesse Victoria. Der var det ei gammal dame som hadde brodert eit bilete av Victoria, og som sa følgjande.
– Det einaste eg ønsker er å få leve så eg får sjå bryllaupet til Victoria. At eg berre får leve til den dagen.

Ok, flott. I går skjedde det store ting på kjendisfronten i livet mitt. Eg kan jo fortelle at Sharif er den høgrøysta på fest eller at Marianne Aulie glømte å ta på seg skjørtet, men eg velger å seie noko på generell basis, med spesielle tendensar. Alle kjendisar ER så FLOTTE. Til dømes Lise Karlsnes. WOW. Kven andre slepp unna med den skinntightsen? Og Lars Vaular var sååå kul.

Å vere VIP-gjest på VG-lista var veldig kjekt. Flott utsikt til (playback-)showet, og gratis drikke, tyggis og grillmat. Men det beste var alle kjendisane, ein kunne ikkje snu seg utan å sjå eit kjent fjes. Og det å gå på den raude løparen var stas, sjølv om ingen av pressefolka tok bilete av oss. Såg nok ikkje glamorøse nok ut. Eg VISSTE at eg burde brukt extentions i går.

Det var 20-års grense, og eg vart spurt om legitimasjon når vi skulle inn… (No lurar eg på kva det var som gjorde at eg måtte vise legg. Var det outfiten, den barnlege gleda av å gå inn mot den raude løparen, eller utsjånaden? Det var nok håret.) Uansett, eg hadde ikkje med meg legitimasjon, så vakta spurte kor gammal eg var blitt.
– Eg er gift med han der, sa eg, og peikte på Håvard. Det var godt nok. Kva skulle eg gjort utan Håvard.

Til slutt eit random bilete frå festen (er ein bloggar, så er ein bloggar):

Advertisements
One Comment leave one →
  1. 22/06/2010 12:32

    Der er jo drømmemannen min!!!! Aleksander With!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: