Skip to content

jenteinnlegg

16/06/2010

I dag har vore ein flott dag. Byrja med å setje ei sprøyte Fragmin på ei nyoperert tapper venninne, og ho er eigentleg grunnen til at eg skriv dette innlegget. Ho treng jo litt underhaldning, i tillegg til dei tre fine bøkene eg lånte ho i dag(tips: Drømmehjerte). Men ja, det er kanskje det einaste eg har sakna med sjukepleiaryrket. Å setje sprøyter. Det er veldig kjekt. Så tusen takk for tilliten. Og alle andre: det er berre å ta kontakt. Men ja; dette gjorde eg altså før eg tok turen på jobb der Maria var attende på kontoret, hurra, og etter jobb reiste eg til Oslo City for å hylle materialismen. Eg hadde nemlig fått eit GÅVEKORT hjå dei flotte intelligenzen-venninnene mine. Wow. Fødselsdag er bra. (30.juni, folkens!)

Eg hadde på førehand sett meg ut ein kjole på Lindex. Men så var greia den at eg skulle kjøpe den når eg hadde klart 20 på 52, som ei gulrot. Kjolen var lys lys lys ferskenfarga, ikkje heilt ideell farge til meg året rundt kandusei, men du og du så fin med tubetopp utan stropp og litt tyll i skjørtet. Så eigentleg ville eg kjøpe meg nokre skor å ha til kjolen, gjerne med hæl. (I love høge hælar sjølv om eg aldri går med det.) Men eg var innom Lindex for å sjå på kjolen, og TRUR DU IKKJE AT DEI HADDE DEN I KNALLROSA BERRE EIN LITEN STORLEIK FOR STOR og med heile 70% avslag! 119,50. Ein svipp under symaskina så er saken biff og perfekt passform. Og attpåtil fekk eg meg sandalar som er svarte a la gladiator-style og tusen tusen takk til venninnene mine som gjev meg dette. tusen. takk.

Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. 18/06/2010 15:36

    god underholdning, takk skal du ha.smil fra sofaen

  2. 21/06/2010 10:26

    Varsagod og du e søt! Snakkas når eg e tebake frå Hellas! Ja, Hellas. Og ja, med han utrolig kjekke og barske og snille. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: