Skip to content

fin laurdag

12/06/2010


I dag har eg kjøpt blomster hjå han som var i Vårt Land her i førre veke – han som vann VM i blomster. Eller noko. i Blomsterdekorasjon, sikkert. Det var så koselig å vere i butikken hans, og ein kunne spørje og grave, og alt var så stilig. På St.Hanshaugen, nedanfor kaffebrenneriet held han til. Det er jo ikkje det billigaste, men eg satsar på at dei held seg leeenge. Peonar og andre herligheter. Fint!


Og så var eg på Fretex då. Fuglefatet kosta 25 kroner, og den fine bambi-pinsen med bjelle på kosta berre 2 kroner! Eg holdt på å falle om. Elles så har eg hatt eit morosamt kattetreff i dag. Eg skulle gå over vegen på overgangsfeltet, og på andre sida var det ein svart pus. Den stoppa opp når det kom ein bil – akkurat som eg gjorde. Når det viste seg at bilen stoppa for oss, så byrja han – og eg – å gå over vegen. Når vi møttes på midten mjaua katten høgt, og fortsette spradande over på andre sida. Eg måtte snu meg etter den og le høgt! Fin laurdag.

Advertisements
One Comment leave one →
  1. 12/06/2010 17:56

    I love cats.Og jammen skal eg prøve ut fretex på st.hans! Det har eg hatt planer om lenge. Den blomsterbutikken du nevnte, er fantastisk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: