Skip to content

10/06/2010

Eksamen er overstått, vi fekk i oppgåve å tolke Romarane 6:1-8, det likte eg. Fine vers. Paulus seier så mykje fint om at vi skal leve. Eg likar så godt å leve, så det passa bra.

I dag vitja info-avdelinga (frå jobben min i NLM) ein restaurant på Grønland for sommaravslutning. Eg skal forresten jobbe i info eit heilt år no fram til 31.juli 2011, i 80%, samstundes som eg tek 30 stp i engelsk årseining på UiO. Uansett.

Grønland er verkeleg ei perle. Og i dag var det i tillegg supertilbodstimar, og eg kjøpte ein barnekjole til halv pris på Fretex. 24,50! Den hadde nesten litt sånn strutteskjørttendensar, og er mitt siste syprosjekt. Den skal få blonder på underskjørtet, og ein brei, svart strikk i livet. Også ein glidelås. Voila! Eit skjørt eg alltid har ønska meg! Alt anna enn kjolen kjøpte eg på Saab tekstil. Der var det ei heil verd av nydelege stoffer og blonder og pynt som opna seg for meg. Det skal bli fint, trur eg. Dersom eg får det til.

Advertisements
One Comment leave one →
  1. 11/06/2010 13:14

    jeg liker og grønland!og du er flink!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: