Skip to content

aha

03/06/2010

271, originally uploaded by emiliebjork.

Eg har hatt fleire aha-opplevingar i det siste. Det eg har tenkt på krinsar seg kring livet mitt, og kor eg har mitt fokus, og kor eg har blikket mitt retta.

Ein kveld på eit møte i misjonssalen gjekk det opp for meg at eg tenkjer så utrulig mykje på kva alle andre tenkjer om meg og mitt kristenliv. Berre på måten eg lovsyng på, ikkje sant. Eg tek meg sjølv i å leggje band på meg, og ikkje orke skilje meg ut, kanskje. Kva tenkjer dei rundt? «Trur ho at ho er på ei scene?» Og dersom eg står på ei scene, så er det lett at eg tenkjer på kva alle andre tenkjer: «Kven trur ho at ho er.» Også det at eg jobbar på ein kristen arbeidsplass, hjå ein stor misjonsorganisasjon, det betyr vel at folk forventer at eg skal vere flink og klare alt, vite mykje om homofili og om det er synd å vere det, eller meir synd å vere sambuar, eg bør vel som kristen «journalist» vere aktiv som debattant i tema som dreier seg kring Jesus og co, pluss ha ei meining om ting som skjer i kristennoreg. For ikkje å nemne Israel. (Det skal seiast, eg prøver, men eg har ikkje ei klår meining om det – eg tillet meg sjølv å ikkje forstå alt.) Klart folk forventer at eg som kristen les flittig i Bibelen. Og kvifor oppdaterar eg ikkje facebookstatusen min med meir kristelege utsegn? Bloggen bør vere ein plass der eg fortel om evangeliet. Og måten eg ter meg på, og det eg seier. Eg må vere vittig, smart og kul nok til blå neglelakk.

Så gjekk det opp for meg (av typen: aha) at eg nok ein gong hadde vore på sida av det sporet eg freister følgje. Jesus var der, men eg oppdaga «til mi store forbausing» at eg var på veg bort frå sjølvtilliten eg har i han. At eg er god nok i meg sjølv, og at eg skal la meg forme av Jesus for å klare dette livet vi alle må leve. Det vil seie – han klarer det for meg. Alt er gjort opp for, og eg, eg har berre att å takke og lovsynge, og la meg formast. Når eg får rette blikket på kva han har gjort for meg, vert eg og meir var på kva han vil med meg.

På flyet til Bergen i dag sat eg berre og tenkte lenge. Det er lenge sidan eg har gjort det utan å sovne. Mannen ved sida av meg las avisa si nærmast i fanget mitt (kvifor hamnar eg alltid innesperra av to tjukke menn i flysetene??), men eg fann fram iPoden og sette på litt fin musikk, såg utover skaparverket og sat og var takksam. For alt eg har, alt eg har fått, at eg kan elske og bli elska, at eg har ein frelsar som elska oss først, at Noreg er fint å sjå på, at eg kan høyre nydeleg musikk, at eg har ein kropp og ei sjel og at eg har så mange gode vener, at eg kan strekkje armene høgt høgt høgt for så å falle ned og tøtsje tærene, at eg har ein jobb eg likar så godt, at eg har evna til å tileikne meg ny kunnskap, eg er frisk, og så bortetter. Eg kunne ha fortsett i evigheter. Aha.

Gud har store planer, det veit eg. Det har berre nett byrja, dette livet. Det er mange aha-opplevingar att. No går eg på med friskt mot. Og det beste er at sjølv om eg veit eg vil tvile på eigne krefter snart – i morgon, i overimorgon, om ein månad, så er det ikkje frå meg sjølv eg finn krefter. (Det høyrdes litt sånn spiritualistisk ut, men sanninga er at for meg er det veldig handfast og sjølvsagt. Vi får ta ein prat over ein kopp kaffi ein dag, dersom eg skal prøve å utdjupe.)

en evighet blir alt for kort
til å si takk for alt som du har gjort
hva kan jeg si til deg?
hva kan jeg gi til deg?

mens jeg gikk min egen vei
var dine armer strukket ut mot meg
du overgår alt jeg vet
grenseløs kjærlighet

nåde er den kraft du gir så jeg kan følge etter
og leve livet tett på deg, mine ben i dine sko
nåde er at du hver dag går i forbønn for min vandring
med sukk som sprenger alle ord så jeg kan gå i tro
tekst herfrå

Advertisements
2 kommentarar leave one →
  1. 04/06/2010 02:48

    eglike deg.

  2. 04/06/2010 07:29

    takk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: