Skip to content

#trening

27/05/2010

På treningssenteret der eg går hadde dei i vinter ein konkurranse der du skulle trene 25 gongar på 90 dagar, og kunne vinne premiar dersom du fullførte dette. Når ein kom på trening fekk ein eit klistremerke som ein klistra på ein plakat der du hadde skrive namnet ditt saman med alle andre som deltok. For ein motivasjon! Det var som å komme på søndagsskulen, og få stjerne i boka. Eller fisk.

Eg vann ingenting. Skuff. Men eg gjennomførte – trass i at eg byrja seinare enn dei 90 dagene. Det var eg stolt av (sjølv om eg var på trening 4 gonger siste veka – inkl laurdagen og søndagen som var siste dagen av 90-dagarsperioden! Skippertak.com.), og når eg skulle trene etter dette, så var noko av motivasjonen vekke. Difor laga eg mitt eige skjema, der eg fyller inn smilefjes. Målet er, som du ser, 20 økter på 52 dagar, frå 10.mai – 30.juni. Det som vart litt strek i rekninga er at vi var vekkreist Kristi Himmelfartsdag og den helga der, så – ja. I byrjinga verka dette overkommeleg, verkeleg. Men no er eg litt sånn, tja. Det blir jo kanskje litt hardt, og eg bør nok kanskje pakke ned løpetightsen når vi skal i bryllup til to fine neste helg. For det er verkeleg ikkje berre treningsstudio som gjeld, altså. (Burde eg då føre på IKEA-turen i går? Der vert ein i alle fall sveitt.) Men det er litt hjelp i å skrive det her. For då er det ikkje berre Håvard som veit om eg klarer det eller ikkje. 🙂

Dersom eg når målet, så må eg jo ha ein premie. Eg tenkte først på noko så enkelt som ein dongerijakke. Men eg har liksom ikkje ein spesiell i kikkerten, og då er det litt keisamt. Andre premieforslag?

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: