Skip to content

Serie: "Filmar ein kan sjå med kjærasten sin sjølv om dei gjev seg ut for å vere actionfilmar e.l. (filmane altså)"

19/05/2010

Eg anbefalar framles filmen om Adam med Asbergers syndrom, men ser no at tida er inne for ein ny filmanbefaling som du kan sjå i lag med den kjæraste du har. Eller andre.

Denne gongen:

The Book of Eli
Eg veit kva du tenkjer. Denzel Washington i hovudrolla. Det er typisk sånn kvalitetsteikn, i følgje… eh, alle andre. Eg assosierer også gode Washington med «gode filmar». I hermeteikn fordi eg ikkje er så glad i den typen «gode filmar». Eg tykkjer jo, som nemnd, at dei gode filmane handlar om andre ting. Til dømes Asbergers syndrom. (Heng eg meg litt opp i den filmen der? Ja, men då må du vel sjå den då.) The Book of Eli var eg ytterst skeptisk til, etter å ha sett traileren. Krig, og alle døydde nesten, og verda er dekka av oske og dreping, nei, eg var veldig skeptisk. Men eg gjekk jo med på det, når Håvard ville det så gjerne. (Gjorde eg det slik at eg kan dra han med på Sex and the City 2 når den kjem? Kanskje. Spørs om det går, likevel.)

Uansett. Det enda med at eg likte den veldig godt. Eit vesentleg moment her er at du må halde ut heile filmen. Den var veldig bra, trass slåssinga. Då kan ein jo og lukke att auga dersom ein er litt sart i sjela.

Sjå den gjerne. Bra film, med uventa handling. Men hugs å late som om du ikkje trur den er bra, slik at det verkar sjølvoppofrande ovanfor din kjære. Då kan du nytte det til din fordel seinare. (Nemnde eg at Sex and the City 2 er på veg?)

Advertisements
4 kommentarar leave one →
  1. 20/05/2010 12:43

    Veldig gode tips dette her, Silje!

  2. 20/05/2010 21:50

    du kan då ikkje ta håvard med på sex and the city2?? på den tar du med ei god vennine. …til dømes underteikna:)

  3. 20/05/2010 22:22

    Du har sjølsagt rett! Men eg kan true han med det… 🙂

  4. 31/05/2010 06:42

    du tar opp ein veldig kjent problemstilling, ska jammen meg bruka filmtipså dine 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: