Skip to content

superhelg

17/05/2010

No er det kveld, og vi har kome heim frå vestlandet til eit blomstrande Torshov. Her er det jo mildt og godt! Eg sit og les meg opp på alle dei kule bloggane eg følgjer (kjendisbloggane, ja, også kjentsfolkbloggane då), og mannen les seg opp på dei fire avisene som låg utanfor døra vår. Og sikkert dei to avisene som låg i postkassen òg, kjenner eg han rett.

Her er glimt frå ei helg med hjarte rundt. Turen gjekk først til Stord for eit nydelig fint bryllaup, og fortsette med utelukkande glede heile helga, før vi enda i Os den syttande:

Ferjekoz.

Der borte ligg Kongshaug i all si prakt. Men du kan ikkje sjå det på biletet då.

På Stord blomstra kvitveisen, og to rektorfruer og ei lita jente gjekk på tur.

Han her blomstra òg, mannen som i fjor hadde «seks-sju hondra tulipana. Dei vekse vilt sjå meg.» Han tok oss med på ei reise utan like. I hagen sin. Snakk om engasjement.

Dette var til dømes frå hagen til mannen.

Dette var kona til mannen. Ho sa at det var mykje å gjere i hagen, sukka og bøygde seg ned for å luke ugras (engkarse). Men ho spurde kor vi skulle vere på syttande mai, og håpa vi fekk bra ver. Også foreslo ho at vi skulle gå til Ådlandsvatnet.

Dette er Ådlandsvatnet.

Dette er favorittbandet mitt, Rektor. Dei spelte konsert i ein extended wedding edition. Nice.


Den 16. mai fekk eg og Håvard reise på besøk til Erlend og Miriam. Og Ronja (framme t.v.). Det var den snillaste hunden Håvard hadde møtt, sa han etterpå. Eg er enig.
Miriam og Erlend har fått seg fisk, men denne hugsar eg ikkje namnet på.



Advertisements
One Comment leave one →
  1. 24/05/2010 03:32

    For ein fin blogg! Eg har sett Adam nå…den va fin. Det e du og. Klem frå New York.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: