Skip to content

Serie: "Filmar ein kan sjå med kjærasten sin sjølv om dei gjev seg ut for å vere actionfilmar e.l. (filmane altså)"

12/05/2010

Du er no vitne byrjinga på noko stort. (Nei, dette skal ikkje bli ein sånn nørdefilmblogg.)

Det heile starta ein fredagskveld. Vi, eg og husbonden, skulle leige film, og nok ein gong gjekk vi på den kjende filmkonfliktsmellen. Eg ville sjølvsagt berre sjå filmar med franske titlar, nokre gongar tysk (Kirschblüten – Hanami) og som handla om menn med asbergers syndrom og kvinner som har trøbbel i kjærleikslivet eller er gravide, har problem – eller ein kombinasjon av desse. Husbonden ville ikkje sjå noko av dette, men fann fram alle filmar som har titlar beståande av tal (2012, 13.district, 9-eitt eller anna), filmar med hakekross, og absolutt alle filmane i kiosken med cover som hadde tøffe menn med solbriller på.

Baaah, sa eg høgt. Vi finn aldri noko begge likar, klaga eg. Mannen vifta med filmen sin. Ein robot pryda coveret. Eg gav etter, nok ein gang. For jo, det er eg som alltid gjev etter, og let mannen få velje film. (overdriver litt då.) Men kvifor kjempar eg ikkje for at vi skal sjå dei tyske perlene?

Enkelt svar. Det er fordi eg, basert på eigne erfaringar, tykkjer det er grusomt flaut at mannen dissar meg og mine franske filmar med autistisk vri. Fordi eg føler at eg er den som lir minst når det gjeld å sjå den andre halvdel sine filmval. Mitt tap er leveleg, men dersom min gode mann må sjå ein av mine kuriositetfilmar kjem han anten til å a) sovne, b) le på feil plasser eller c) tykkje den er teit (det er det verste, eg tykkjer jo den er så vakker og har sett denne filmen 4 gongar før!).

I serien
«Filmar ein kan sjå med kjærasten sin sjølv om dei gjev seg ut for å vere actionfilmar e.l. (filmane altså)»

vil eg sjå nærare på kva filmar du bør styre unna, og kva filmar du kan gå med på å sjå (hugs at du godtek filmen berre dersom «du får velje neste gong», «velje middag neste veke», «kjøpe uhorvelege mengder smågodt», etc.).

I dag:
Iron Man

Eg skjøner godt dersom motviljen veller opp i deg når du ser dette biletet, men for å vere ærleg er denne filmen faktisk ganske kul. I alle fall dersom du tykkjer det er stilig med litt dingsar og litt slåssing – men ikkje mykje – og slikt. Også er det typisk bad guy good guy with a twist.

Her får du litt romantikk og, det er bra. I tillegg går Iron Man 2 på kino for tida, så då kan du seie at «eg blir med deg på kino for å se 2’aren dersom du blir med meg på piknik i botanisk hage, der vi drikk brus ved rosebuskane, og har med sjokoladefondue, etc.». Det er det eg kallar eit ess i ermet. Hugs berre på å verke veldig sjølvoppofrande i det du går med på å sjå einaren på dvd. Og forsåvidt toaren og. Eg har berre sett einaren enno, men eg likte den. Faktisk likte eg den bedre enn min mann gjorde. Det var jo kanskje litt uventa då.

Neste filmtips kjem når du minst ventar det. Først skal vestlandet vitjast til bryllups og 17.mai. God helg!

Advertisements
10 kommentarar leave one →
  1. 12/05/2010 22:13

    Dette var en gøy blogg. Du har blogget siden 2004, og jeg oppdaget det først i dag. Jeg skal komme innom flere ganger fra nå av. Søte fugleknotter.Hilsen gammel klassevenninne

  2. 12/05/2010 22:41

    Vel, dette var sanneleg ein post etter mitt hjarta. For det handla om film, og så var det masse anna gøy å lese også.

  3. 12/05/2010 22:49

    Hallvard, du er jo den ultimate filmbloggeren! Eg blir nok ikkje ein filmblogger. Og du anonyme gamle klassevenninne, det hadde vært kjekt om du kanskje ikkje var anonym. Men velkommen hit, det tok deg 6 år? 🙂

  4. 12/05/2010 22:50

    GURI. har eg blogga i 6 år!!!

  5. 13/05/2010 08:15

    gurimalla! fnis. du er så kånete. ;)forresten så gleder jeg meg til fortsettelsen på denne lista!

  6. 13/05/2010 08:15

    God ny bloggserie, og et fint tiltak for å "live" opp bloggen (jfr ett av dine tidligere innlegg). I tillegg må det sies at det var et bra filmtips.

  7. 13/05/2010 08:28

    Fint innlegg. Solveig likte også Iron Man 1. Tror vi skal se 2'eren på kino snart vi også.Dobbeldate?

  8. 13/05/2010 08:34

    Hehe! Æ flira høgt, så Bodil lurt på ka som skjedd! ET GODT INNLEGG :):)

  9. 13/05/2010 22:28

    Litt av poenget var vel at jeg skulle være anonym, og litt mystisk, men la gå da. Jeg er Ida Renate. 😀 Kul blogg. Tipp Topp Tommelopp!

  10. 13/05/2010 23:07

    Ida! Hyggelig, syns eg! 🙂 du har ei nydelig datter!! Veldig lik deg, og sånn eg husker deg fra førskulen:)Men du kan få være mystisk sjøl om eg veit kem du e. Feel free. Vi snakkes/blogges/sees plutselig!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: