Skip to content

03/03/2009

No stig vår song, vår takk til Gud
for denne gode verd,
for havets salt, for regn og sol
og himlens stjernehær.
Vi takkar deg for storm og frost,
og snø som fell
så stilt mot jord.
Vi takkar for den mørke natt,
og vårens tid, for alt som gror.

No stig vår song, vår takk til Gud
for nådens korte tid.
Da skapte du vår vakne sjel
som lid når andre lid!
Ditt tålmod lindrar gamle sår,
men dagleg blir din skapning krenkt.
La rettferd fylle tusen år!
Trøyst våre barn, møt deira lengt!

No stig vår song, vår takk til Gud,
for denne heim, vår jord,
for barnesmil og voggesong
og heite kjærleiksord!

Vi takker for kvar nyfødt dag
da våre sansar opnar seg,
for tankens glans, for hjarteslag
og alle under på vår veg.

No stig vår song, vår takk til Gud
for Han, som er vår fred.
Når Kristus sprenger dødens rom,
fell siste stengsel ned.
Da stig vår song, vår takk til Gud
for spor på strand, for bølgjers slag:
Kom natt, kom søvn, kom morgongry
kom evig sommars lyse dag.

(Edvard Hoem)

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: