Skip to content

Konfekt

27/12/2008

Det er jul, og faktumet er uungåeleg. Det er over alt. I alle dei tusen heimar. På sjukeheimen. Under juletreet sirleg innpakka med gjennomsiktig gåvepapir, som takk for hjelpa eller berre som ei lita merksemd. På Meny, som gratis kortvarig energi når du banar deg veg for å snappe til deg den siste kartongen med H-mjølk. Over alt. Konfekteskene.

For det første er 50% av eskene emballasje. Plastic fantastic. For det andre smakar berre eit fåtal av bitane godt (Sfinx: mint og karamell-greiene, kong Haakon: dei i kremmerhusa.), og kva SKJEDDE med å fylle dei med likør og denslags? Greitt at ikkje alle smakar 100%. Men nokre smakar rett og slett avskyeleg. Eg trur det går an å døy av dårleg smak.

Så sit eg her då. Med konfekteska mi. Og eg lever i konstant fare. For joda, eg et sjølvsagt konfekten, men faren for å treffe ein dårleg bit er overhengande stor. Klokka nærmar seg 03.00, og sukkerhungeren meldte seg eigentleg allereie kring 19-20-tida. Når vi, etter tre handlefrie dagar, har fortært alt det gode av godterier i heimen er det berre dette alternativet att: å ty til alskens konfektesker. Nokre FÅ er gode (som tidlegare nemnt), medan andre er grusomme og får meg til å ville vrengje tunga. (…alle er kalla, men få er utvalde?) Og kva SKJER med å ikkje ha kart over bitane og deira innhald? For eit liv. Eit liv i utfordring, fare og spaning. Og i undring over livet. Skjørt og vakkert som det er.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: