Skip to content

Voksenkino: deUSYNLIGE

30/09/2008

Eg, Britt Elin og Marianne tok turen til Gimle kino i dag. Vaksenkino skulle vere kino for dei som vil ha litt kultur i kvardagen, midt i «byens kjas og mas». Det passa oss fint. Etter ein kaffi troppa vi opp, midt i skuletida, klokka 13.00. Eg, Britt Elin, Marianne og ein gjeng med pensjonistar og gamlisar forøvrig. Alle dei gamle kjøpte billett i skranka. Ingen hadde bestilt på internett. Nokre hadde med seg rullatorar, andre var kjendisar som vi ikkje hugsar namnet på. Kanskje var han visesongar? Eller kanskje berre ein rikssynsar. Eg veit ikkje. Kjent andlet var det i alle høve.

Uansett var stemninga upåklageleg, og filmen det same. Den handla om Jan Thomas Hansen, som sat i fengsel skulda for mord. I fengselet lærer han seg å spele orgel, og vi møter Jan Thomas når han byrjer på nytt i livet utanfor murane. Han får jobb i ei kyrkje som vikarorganist, for, som presten seier på eit punkt i filmen; «hvis ikke han skulle få en ny sjans i kirka, hvor skulle han da få det?»

– For meg handler det å lage film akkurat nå om å våge å fange de store spørsmålene menneskene baler med, midt i samtiden, seier regissør Erik Poppe til VG. Og han har verkeleg våga, utan at det blir for stort, for svevande eller usaklig. Det er ærlig. Filmen stiller, tru det eller ei, kyrkja i eit positivt lys. Vi tøtsjar innom nattverden, og det å tru, å få mot til å tru. Tilgjeving og forsoning er hovudtemaet, og eg sit att med ei kjensle av at denne filmen må satt i gong mange tankeprosessar hos publikum. Det gjorde den hos meg, og den gjer det framleis. For eit medie å hanskast med! Tenk på alle dei som ser den filmen. Fantastisk.

Noko av det beste med filmen er musikken. Orgelmusikken. Symbolikken i musikken. Like a bridge over troubled water. Det dramatiske, det sarte.
– Musikk har jo den fordelen at den går rett forbi hjernen og inn i magen, uttalte filmmusikk komponisten Johan Söderqvist til NRK Klassisk. – Når jeg finner en musikk som funker til en film, så har jeg direkte billett inn i folks hjerte og mage.
Sanning.

Denne filmen må sjåast. Helst på kino. Men pass på å ikkje ha anatomiforelesing rett etterpå. Det vert fort litt tungt.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: