Skip to content

eg – frå apene?

16/09/2008

Vi sit i auditoriet. Eg følger med, til ei forandring, og oppdagar etter kvart at ja, eg kosar meg faktisk når vi lærer om celler – oppbygginga deira, proteinar, ribosomar – denne herlege konkrete, meir eller mindre handfaste lærdomen. Han som føreles er flink, ganske engasjert medisinstudent faktisk, og klassen er aktiv og alt er så positivt. Eg teiknar og skriv litt i den nye blokka mi, og dett litt ut. Når eg ser opp og høyrer etter skikkelig att, dumpar eg inn i ei setning som verkar litt malplassert i kven som helst sitt liv.

«Dersom ein sprøytar vatn inn i blodårene, vil blodcellene sprikke,» kan forelesaren, den flinke medisinstudenten, fortelje. Det er farlig òg. «Saltvatn derimot, vil ikkje gjere noko skade. Menneska stammar jo frå ei einskild celle i havet, så det er jo logisk.»

Stilla er til å smøre på brødskiva. Eg rekkjer opp handa. Førelesaren nikkar.
«Øøøh, du?» (eg kan ikkje fordra folk som seier «ø» for å få merksemd. Men eg sa det fordi eg var litt satt ut.) Eg kjenner at eg kanskje angrar på at eg rakk opp handa. «Sa du det du sa som eit eksempel, eller sa du det fordi det er slik det er?»
«Fordi det er slik,» seier medisinaren.
«Spanande…» seier eg.
«Eg har sagt det til alle kulla eg har undervist her, men du er den første som seier meg i mot,» seier han som er så flink med ord, «eg trur alle stammar frå ei einskild celle frå havet.»
«Det var jo flaks at den cella var der,» seier eg.
Han som har orda i sin makt fortsetjer undervisinga.

Ordskiftet er i gong, og eg får ikkje sagt det eg vil på ein god måte, og apekattar og survival of the fittest og «tanke og sjel har ikkje noko å gjere med kroppen når vi diskuterer evolusjon.»
«Så det er berre flaks at vi tenkjer, og har evna til å trekkje meir eller mindre intellektuelle slutningar?»

Du er skapt, kjære medisinarmann.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: