Skip to content

Det var godt.

03/07/2008

Eg las akkurat ut Den tidsreisendes kvinne av Audrey Niffenegger. Det er det kjipaste eg gjer, trur eg. Å lese ut gode bøker. Denne har eg drøyd kjempelenge, og det har vore ei fabelaktig oppleving å lese historia om Clare og Henry. Langt fra røynda, men likevel ekte for meg som lesar. Måtane ein tar del i tankeliv – eg vert like fascinert kvar gong ei bok gjer at eg vert glad i og lærer å kjenne nye personar. Personar som faktisk ikkje eksisterar, men som ei kvinne har vevd fram i fantasi. Utruleg.

På nattevakta her ei natt sa legestudenten at sjela bestod av seks lag og låg som ei hinne utanpå hjernen. Det var jo kjekt å vite. Han kunne masse. Studenten altså. Eg vart imponert – men mest av alt imponert av han som har skapt oss. Skapt til utfoldelse. Tenk at ledda våre er forma slik dei er grunna fysiske lovar – belastninga sprer seg over kula, og ein membran er støytdempar. Og alt det ein kan finne ut av å stikke ei pappstrimle i nokon sin urin. Dersom det og det visast, så er det sånn og sånn. Glukose og proteiner og nyresvikt. Tenk alt vi har funne ut. Tenk at vi veit korleis ting dei fleste funksjonar i kroppen vår fungerar.

Og tenk han som skapte alt. Og han skapte oss og sa at vi var gode. Det var liksom sånn vi byrja. Det var godt. Mennesket.

Det var overlag godt.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: