Skip to content

155

14/06/2008

Det banka på, døra opna seg på gløtt, og eit mørkt, småbuldrande «No er festen over», smøyg seg inn dørsprekken første natta eg sov i denne senga. Det er fem år sidan no. Eg hadde fullt hus, det var stort at eg fekk flytte inn etter haustferien, eg som budde berre 10 minutt unna. Vi var kanskje fem seks stykker på det vesle rommet, og lydnivået steig med humøret – heilt til Olav Inspektør med krøller kom og sørga for at fnisete jenter og kjekke gutar fekk litt meir svevn enn dei hadde tenkt til sjølve.

Eg sit her og tenkjer på alt eg har opplevd. Alle situasjonane på akkurat dette rommet. Nedre Vestheim. 155. Det ekle når Øyvind spydde frå etasjen over medan eg gjorde lekser med utsikt mot havet. Det fine når eg hadde besøk av Miriam, og når vi spelte spel på golvet som var for lite. Veggane som var dekte av visdom og utklipp og bilete og bilete og alle dei bileta som eg klistra opp! Og orda som kom for fort utan at eg tenkte, og den natta eg vakna og hadde så vondt i skuldra, og når det blæs og eg forlot rommet til fordel for Linda sitt (ja, eg er litt nervøs sånn).

Musefletter og hårband. Selebukse. Og alltid skjørt. Eller ofte. Det svarte i cordfløyel som var litt slitt. Stripete sokkar, eg og Ingrid hadde like. Når eg og Anne Siri måtte diskutere alt i livet, og ete Digestivekjeks. Eg likte best sjokoladen på kjeksa. Kakao og te, toastjernet til Inger Elisabeth ute i gangen, det vart utrulig støvete og ekkelt. Når russen herja på gangen, og eg hadde utsikt til fotballbanen der dei samlast for å klekke ut planar. Vidar og Ole Fredrik, trur eg i alle fall, putta ein stor fisk i doen min. Eg hylte når eg opna dolokket. Hugsar ikkje kva eg gjorde. Dusjen som aldri vart varm (det vert han framleis ikkje), det lange badet og varmen før Eilif-Kåre satte ein stoppar på 30 gradar i golvet. Stjernene på skapdøra. Den grøne kongshauggenseren. Høg og spinkel og stakete. Haugtussa. Tupert hår. Kvintsirkelen. Birgitte som høyrde på SUM. Pøsj og Birgitte som fekk besøk ei natt… Elise som høyrde på Vanessa Carlton, teikna ein kross i panna og eg, eg såg opp til ho. Miriam som hadde eit kort på tavla si: det er i motbakker det går oppover. Dusjen deira som var dekka med utklipp.

Electric psalmbook for fulle høgttalarar på ettermiddagstid, medan eg sov som ein stein. Gruppearbeid i etnisk musikk, der Ole snakka så masse at vi andre ikkje fekk sagt noko. Orgelrommet. Sukkerbiter i kyrkja. Gospelkoret med Terje. Turnéen til Stavanger. Subkulturen…

Det var førsteklasses tider, bokstaveleg tala. Lenge sidan. No er det nye tider. Eg lurar på kva som kjem. Og eg gler meg.

(Og Hannes som vekka meg med metal-musikk på rommet under, der han aldri brukte klesskåpet, berre golvet.
Og når gutane bygde lego i heile gangen. Og når Torstein øvde på bassen og Ingrid og Pøsj blei irritert. Lukta på 40-gangen. Tannkrem på spegelen til Stakkis. )

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: