Skip to content

jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo

02/06/2008

Eg tusla uti sjøen i dag, og seinare grilla eg meg to pølser på bryggekanten medan sola grilla meg både her og der, og Knut Nærum underhaldt meg medan eg sat i tutti-frutti-stolen eg fekk låne og keik (korleis stavast det ordet då?) ut over sjøen der det var færre folk enn i går, det er klart, det er jo måndag, og alle menneska i båtane som spela dansebandmusikk sit no inne i kontorlandskapa sine og sveittar, dei lever for helgene seier dei, eg lever for å ta med familien på segltur seier dei ordrett men på bokmål, og eg, eg lever for vekedagane når seglbåtane står på dei dyre plassane sine bortgøymd og det einaste eg kan kræsje i når eg symjer er canada-gjessa som hvesar når vi sit på brygga deira, men det er ikkje deira brygge, brygga tilhøyrer Norsk Luthersk Misjonssamband, faktisk, eg prøver å seie det men canada-gåsa vil ikkje høyre, eg trur ikkje dei har øyrer, høyr, eg er varm på ryggen, er eg raud kanskje, og det svir litt på knea, og mellom storetåa og den nest største tåa (det er klart, det er ikkje alle som har tær i kronologisk rekkefylgje men det har eg) fordi der har eg blemmer etter skorne, eg har alltid blemmer etter skorne mine eg, kvifor går eg ikkje i dei gode skorne, tenkjer du kanskje, men «man må lide for skjønnheten» heiter det, og ja, det er heitt, eg går heim og eter reker med gode vener.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: