Skip to content

Japan 4: Siembra og det gylne kompasset

20/05/2008

I dag har vore dagen for kontrastar.
Shinkansen i 300 km/t tok oss til Hiroshima, sol og sommar. Her var vi i ein nydeleg japansk hage («ta bilde av meg foran det japanske!!»), og sjølvsagt vitja vi atombombemuseet. Heilt utruleg historie. Eg vart matt. Etter dette reiste vi attende til kjære Kobe, og var på kveldsmat hjå na mårr, Jorunn Svela. Ho er knall, og i morgon skal vi på shopping med ho. Jo, i morgon er det nesten litt fridag for oss. Det kjenner eg eg gler meg til. Eg er nokså førebudd på å vere skutt på måndag, men hei. Sove kan eg gjere når eg vert gamal.

Eg har forresten brutt dei sterkaste stengsler og grenser når det gjeld maten. Eg åt, uvitande som eg er, KYLLINGHJARTE og KYLLINGKNOKLAR. Knoklane var brusk, og heilt utruleg utruleg utruleg ekle. Eg vakna klokka fem i natt og kjente på knoklane i halsen. Off. Hjartet var ikkje så ille å ete, ikkje veldig mørt, men ok… Det vart likevel ikkje meir enn ein bit.

Barte-Bjarte tok oss med på trommekurs. Eg lo, og lo, og lo. Og då lo vi. Å eige rytmesans er ein skatta ting. Narue-kun er sjølvutnemnd vinnar av «om å gjere å vere best i tromming»-konkurransen. Det kan diskuterast. Leif får premie for innsats. Håvard får premie for… barten.

Bilete er det dårleg med frå denne kanten for tida. kvifor? joda. eg GLØYMDE både ekstra batteri og ladar til kameraet. KJEMPEBRA, Silje. Det er tidenes irritasjonsmoment. Går det an å gløyme det viktigaste? Ja, faktisk. So desu ka? So desu ne.

Maria. Eg veit du vil høyre meir, men no går batteriet og tida ut her. Eg skal fortelle betre live, og bilete kjem nok og etter kvart. Det må jo gå an å få tak i ein ladar i Japan.

Vi sjåast. bukk og nei frå silje.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: