Skip to content

Eg gret ikkje over spilt melk eller spelt brød

05/05/2008

Eg ser på mobilen. 17.59. Stengjer ikkje Baker Hansen klokka 18.00? Jo, sanneleg min hatt. Eg tek beina fatt, og smett inn døra. Det franske landbrødet var så tørt i dag tidleg, gubrandsdalsosten heldt smulene saman. Eg unner meg eit nybakt brød på slutten av dagen.

Eg står i kø bak ei dame. Ho tek familiebrødet som var førstevalet mitt, og etter det tek ho rugbrødet som var andrevalet mitt. Kva skal ho med to brød? Og eg vert ståande, «øøøææ, eg tek det brødet der,» seier eg, og peikar på noko gyllent med nokre fuglefrø på toppen.
«Trettiåtte kroner da», seier jenta som påpeikar at «de blomstene der borte må vannes før vi stenger, Line. Bare sett de bak her.»

TRETTIÅTTE KRONER, tenkjer eg.
Hald meg fast. Det var SPELTbrød. Eg som akkurat las i avisa at spelt var humbug.
TRETTIÅTTE KRONER for eit middels stort brød.

Men det var godt med makrell i tomat på.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: