Skip to content

Nær livet-oppleving

12/04/2008

Eg kom frå møtet i Salem, og var på veg til bilen som eg hadde parkert i Klostergarasjen. I det eg går inn i garasjen legg eg merke til tre personar som går eit godt stykke framfor meg. Dei fjasar og ler. Tek bilete trur eg og dei gjer – samlar seg i ein klump, lagar grimasar og vert stille, knips-blitz-pust ut og fjas og bråk att. I det minste trur eg dei gjer dette. Eg har ikkje linser på meg.

Eg tek opp mobilen, og byrjer skrive ei melding. Det er då det skjer. Ut i frå ingen stad strøymer den vakraste kormusikken. Det er berre gutestemmer. Klokkeklart og heilt utrulig nydelig, og eg får gåsehud. Eg stoggar. No kjem Jesus att, tenkjer eg, og ser kring meg. Eg lurer på om eg såg etter Jesus. Det kan godt vere. Det verkar som om dei tre foran meg ikkje enser songen. Dei går inn i ein bil. Eg tenkjer at det må vere eit kor her ein stad – nokre som syng er det jo, og dei syng høgt, det må vere eit kor. Eg ser kring meg for å finne ut kor lyden kjem frå. Vert den ikkje sterkare borte med den trappa der? Eg går bort til ei grå betongtrapp med gelender som er av stål. Veggane er fjell med sement på. Kjem lyden ovanfrå?

Eg går opp ei trapp. Hjartet bankar før eg lyfter blikket frå trappetrinna og eg ser utover parkeringsplassane. Eg er nesten litt redd. Men det er så vakkert, det er som om noko kitlar meg på skuldrene, så fint er det. På dette parkeringsplanet fins det nesten ikkje bilar. Ingen menneske. Berre denne nydelige musikken. Desse nydelege stemmene som syng, og klangen som heng så tjukt i romma – ja, på alle dei fem parkeringsplana vert lyden slynga fram og attende og det høyres ut som om lyden er frå alle kantar, men eg finn ikkje kjelda nokon stad. Eg leiter i alle etasjar. Eg går ned frå toppen. Stod på plan nummer to, hugsar eg. Stemmene syng eit «amen», meiner eg å høyre, og det vert så stille som eg aldri har høyrt noko før. Frysningar att. Var det berre eg som høyrde dette? Guddommeleg inngripen? Burde eg ha skrive det ned? Tenk hvis ingen andre i heile verda enn meg får høyre det – eg må høyre det meir så eg får tak på melodien!

Det er ei trapp til som går nedover. No høyrer eg skritta mine mot betongen. Ein bil køyrer. Eg er kome til bunns i parkeringsanlegget. Det er stille att. Det er då eg ser dei. Tolv menn og gutar stirer mot meg. Dei blunkar litt. Røyrer seg. Alle har kvit lacoste-skjorte på seg, og ser rett i meg. Eg står der og ventar. Lenge. I alle fall lenge for å vere ei jente åleine i eit parkeringshus. Kvifor syng dei ikkje?

Eg er skuffa. Eg ville høyre meir. Det var jo så fint. Nær livet-oppleving, finn eg ut. Og eg tenkjer litt ekstra medan eg går opp trappene att. Kva dersom Jesus verkeleg hadde kome att?

Kva eg høyrde? Dette (video).

Kva det var? Dette.

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: