Skip to content

D-day: på gangen

04/03/2008

No sit eg og mor (og ein framand mann (ikkje slik å forstå at mor sit med den framande mannen)) i ei sofagruppe på øre-nase-hals-kjevekirurgisk sengepost på Haukeland Sirkus. Eg har fått meg ei seng (på gangen), ein stad å ha tinga mine (i senga på gangen), og beroligande middel (slik at eg kan få sove i senga på gangen).

– Eg vil ikkje ha tabletten; berre vatnet den skal svelgjast med, takk, seier eg. Sjukepleiaren ser litt rart på meg. Men eg har ikkje spist eller drukke sidan 12. Bortsett frå ein slurk. Og no, slurkar og tablettar.

No har det seg slik at dette går bedre enn forventa. Eg trur jammen meg eg ikkje er redd. På ein måte. Eg vakna klokka ti på fem og var ganske avslappa. Litt sånn «jaja». Operasjonen er ikkje før klokka 12.18(!). Så eg vert nok sitjande her ei stund. Førebels utan så mykje drugs. Det er jo eigentleg slik Gud skapte oss. Utan medisiner.

Eg berre bit tenna saman eg. Snakkast etterpå!

…og tusen takk for dei av dykk som ber. Eg er overbevist om at det er nettopp det som gjer at eg sit her no, utan å stikke av. 🙂

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: