Skip to content

forventing

27/02/2008


Eg er heime. I morgon skal eg og Torstein på konsert med The National Bank. Det gler eg meg til, eg gler meg sånn at det kitlar i nakken.

(Men eg saknar allereie jentene i p100 og o-s-l-o på generelt spesielt grunnlag. Berre for å sakne litt ekstra, liksom.)

Det eg likar best med konsertar er å berre høyre, og å gløyme meg sjølv.

Kanskje er det dette som er sjølvfornekting? Eller er det sjølvrealisering – å innsjå at eg berre ønsker å drøyme, ikkje å realisere?

Eg veit ikkje om eg klarer å skildre det heilt, men nokre gongar er det godt å drøyme seg vekk, det veit alle. Dette vert litt på den måten. Å høyre nokon synge og spele frå scena nett som eg så gjerne vil sjølv – dei formulerar akkurat det eg vil høyre både musikalsk og tekstmessig og let seg ikkje affisere (er det eit ord?) av dei som berre drikk øl og er støyande på konsert. Dei kommuniserar med mottagelege menneske som vert heilt og holdent fengsla. Dei representerer ein draum. Min draum. Ein draum som eg vert ein del av i nydelege 45 minutt. Ein draum eg ikkje vil realisere. For nokre draumar er best urealisert.

Og nokre draumar burde kanskje ha vore løyndomar, men hei. Eg er sikker på at du har ein draum. Du ser ikkje ned på meg berre fordi eg innrømer kva min draum er.

Eg har ikkje vore på ein konsert med så stor forventing før. Fallhøgda er kanskje stor. Men eg har trua.

topp 3 konsertopplevingar:
1. Solveig Slettahjell på Nattjazz i 2005(trur eg)
2. Jaga Jazzist på Kvarteret i 2006(trur eg)
3. Bigbang på Lost Weekend i 2004

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: