Skip to content

In my f a c e

14/02/2008

27 Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet 28 og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk. 29 For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han. 30 De står i same striden som de såg at eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.

1 Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn, 2 så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, og ver eitt i sjel og sinn. 3 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre. 5 Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

Fil 1,27–2,5

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: