Skip to content

Herren tek seg av dei hjelpelause

30/10/2007

Salme 146
Halleluja!
Lovsyng Herren, mi sjel!
2 Eg vil lova Herren så lenge eg lever,
og syngja for min Gud så lenge eg er til.
3 Set ikkje lit til stormenn,
til menneske, som ikkje kan hjelpa.
4 Når dei andast, vert dei atter til jord,
då er det ute med deira planar.
5 Sæl er den
som har Jakobs Gud til hjelpar,
og set si von til Herren sin Gud,
6 han som skapte himmelen og jorda,
havet og alt som i dei er.
Herren er trufast til evig tid,
7 han hjelper dei trælka til deira rett.
Herren gjev mat til dei som svelt,
og løyser dei som er bundne.
8 Herren opnar augo på blinde
og reiser dei nedbøygde opp.
Herren elskar dei rettferdige
9 og tek seg av innflyttarane.
Herren held oppe enkjer og farlause,
men gjer vegen kroket for dei gudlause.
10 Herren er konge til evig tid,
din Gud gjennom alle ætter, Sion.
Halleluja!

Advertisements
No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: